top of page

Søkeresultat

101 elementer funnet for «»

  • Oppstart Volleyball

    Dette har me venta i stor spenning på, og endeleg kan me annonsere at det brakar laus med volleyball på Våge. Onsdag 26. januar er det gruppa 8-10 år (3. - 5. klasse) som startar opp. Fast treningstid vert onsdagar i partalsveker frå 17:30 - 18:30 Søndag 30. januar går gruppa 13-15 år (8. - 10. klasse) i gong og vil ha fast treningstid i søndagar i partalsveker frå kl 18:00 - 19:30 På grunn av koronarestriksjonar må me vente litt med å sleppe til dei vaksne, men håpar me kan annonsere oppstart også her om ikkje lenge. All trening skjer i gymsalen på Våge Skule. Dei som ynskjer å melde seg på kan gjere dette via telefon eller SMS til Linn Maiva, tlf: 97 57 51 18. Eksisterande medlemmer vil bli lagt til i rett gruppe av Linn Maiva. Dei som ikkje er medlem frå før må melde seg inn via innmeldingsskjema. Kommunikasjon, melding om fråfall o.a. vil som for alle andre lag føregå i appen Rubic Laget Mitt. Dette gledar me oss stort til!

  • No kjem faktura for medlemsavgifta for 2022

    Faktura for årets medlemsavgift er sendt til alle medlemmer. Dei aller fleste vil få fakturaen tilsendt på e-post. Sjekk søppelposten om den ikkje har dukka opp som forventa. Du trykker på betalingslenka i e-posten for å komme inn i fakturabildet. Herifrå kan du velge å betale fakturaen direkte med kort, eller du kan nytte KID og bankkontonummer som står øverst til høgre for å betale via nettbanken. Det er sendt ut samla faktura til husttanden der dette har vore mogleg basert på den adressa me har registrert i systemet. Ved feil eller andre spørsmål er du velkommen til å kontakte oss på medlem@sportsklubben.no Har du utfordringar med å betale fakturaen ber me deg ta kontakt så finn me ei løysing saman. Hugs også at ein kan betale både medlemsavgift og aktivitetsavgift for dei mellom 6 og 18 år ved å bruke fritidskortet. Er du ikkje lenger medlem men har fått faktura likevel? Då er du sannsynligvis ikkje korrekt utmeldt. Utmelding skjer via Mi Side i Rubic eller skriftleg ved e-post til medlem@sportsklubben.no. Det er ikkje tilstrekkeleg å gi beskjed til trenar/lagleiar.

  • Ny sesong med zumba og styrketrening

    Gjer dørstokkmila kort og prøv deg på ein time med zumba eller styrkemix Det kan vere tungt å komme i gong med trening etter ein kort eller lengre ferie, kanskje spesielt tungt i desse pandemitider. Kanskje er det litt enklare å finne tilbake til treningsgleda saman med andre? Meld deg på trening hjå oss. Ynskjer du å teste ut tilbodet før du melder deg på er du velkommen til ein gratis prøvetime utan forpliktelsar. Har du spørsmål eller ynskjer ein prøvetime kan du kontakte Linda Helvik på telefon 95 72 26 72. Hugs at den einaste dårlege treninga er den som ikkje skjedde. Er du aktivt medlem og betalar aktivitetsavgift kan du delta så mykje du vil. Er du meir sporadisk innom kan du betale per gong via Vipps. Begge deler krev at du er medlem i FSK. Me håpar å sjå deg på klubbhuset på Våge. Mandag 18:00 - 19:15 - Zumba Tirsdag 18:00 - 19:00 - Styrkemix Onsdag 18:00 - 19:00 - Zumba Torsdag 18:00 - 19:00 - Styrkemix

  • Samarbeidsavtale med Bømlo Idrettslag

    Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag har i dag inngått ein historisk avtale om samarbeid i barnefotballen for 2022 sesongen. Dette er første gong det vert skrive ein avtale mellom to klubbar på Bømlo som omfattar samarbeid om heile den aldersfastsette fotballen. Hensikten med avtalen er at Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag skal bestå som sjølvstendige klubbar med sine respektive medlemmer. Avtalen omfattar samarbeid om lag, trenarar, dommerar og administrasjon i barnefotballen i dei respektive klubbane i 2022 sesongen. Med ferdigstillelsen av søre delen av delprosjekt 14 Sakseid - Hestaneset i Bømlopakken er det no ein framifrå kommunikasjon mellom dei to bygdene som gjer eit slikt samarbeid enklare for alle partar. Avtalen vil sikre at begge klubbane vil kunne oppretthalde eit godt og hensiktsmessig tilbod til alle som ynskjer å spele aldersfastsett fotball i dei to klubbane. Ein legg nivået slik at alle som ynskjer å delta får moglegheit til dette, samstundes som ein aktivt skal bidra til å også ivareta dei aller ivrigaste. Klubbane skal saman arbeide mot “flest mogeleg - lengst mogeleg - best mogleg.” Me gledar oss stort til 2022 sesongen med masse god barnefotball på Våge Idrettsplass og Langevåg Idrettsplass.

  • Teikna ny sponsoravtale verdt 100.000 kr.

    Finnås Sportsklubb har teikna ny sponsoravtale med Joker Finnås. Avtalen går over ein periode på 3 år og har ein verdi på heile 100.000 kr. Kontrakten er framforhandla av vår eminente sponsoransvarleg Kristian Mæland og vart i dag signert av Idar Larsen, dagleg leiar ved Joker Finnås. At me kan hente ein så pass stor økonomisk trygghet for drift av klubben frå ei lokal bedrift på Finnås er både kjekt og særs viktig for oss seier Mæland. Joker Finnås har vore ein stor økonomisk bidragsytar til drifta av Finnås Sportsklubb over lang tid og me er utruleg glade for å atter ein gong kunne skrive ny sponsoravtale. Finnås Sportsklubb er heilt avhengig av velvillige sponsorar som bidreg økonomisk til drifta av klubben. Me oppfordrar alle våre medlemmer til å sjekke sponsorsida vår og prioriter gjerne desse neste gong du skal kjøpe den tenesta som sponsorane våre leverer. På denne måten bidrar ein til at det er mogleg å drive lag og organisasjonar på Finnås. Finnås Sportsklubb takkar Kristian for den viktige jobben han gjer for klubben, og me takkar Joker Finnås for å atter ein gong fornye den aller viktigaste sponsoravtalen me har. (Me gjer merksam på at biletet er tatt før regjeringa innførte nye koronarestriksjonar)

  • Julebord for 6. - 10. klasse

    Finnås Sportsklubb inviterer alle i 6. - 10. klasse til Julebord på klubbhuset torsdag 9. desember kl 19:00. Det er 12 påmeldte til julebordet, men me vil veldig gjerne ha med fleire. Påmelding her. Inngongspris 50 Kr. Prisen inkluderer mat og drikke. Ta med ei lita gåve til rundt 50 Kr til pakkelek. Det er lov å pynte seg om ein ynskjer :) Me avsluttar kl 21:00.

  • FSK søkjer E-sporttrenarar

    Finnås Sportsklubb startar opp med E-sport. For å lukkast med satsinga treng me hjelp av ungdom og vaksne som ynskjer å vere med som trenarar og støtteapparat. Litt om deg: Du er over 16 år. Du likar å ha ansvar. Du likar å arbeide med ungdom. Du har lyst til å bidra til å skape eit engasjerande E-sportmiljø på Finnås. Du ynskjer å bidra til å sette form og farge på satsinga vår. Du er eller blir medlem i Finnås Sportsklubb. Du kan framvise gyldig politiattest. Når me finn den rette vil me legge til rette for kurs og utvikling som E-sporttrenar. Visjonen vår: Finnås Sportsklubb skal skapa eit E-sportmiljø med fokus på samhald inkludering trivsel kosthald søvn fysikk Med denne visjonen skal våre medlemmer få oppleva meistring, lagfølelse og sosial tilhøyrsle Har du lyst å høyre meir eller ynskjer å melde di intresse som frivillig i FSK kan du kontakte systemansvarleg Øystein Våge (systemansvarleg@sportsklubben.no) eller leiar Idar Larsen (leiar@sportsklubben.no) Kva er E-sport? Gaming er speling på alle typar data- og konsollspel der hovudmålet er underhaldning. E-sport er derimot ei organisert form der ein både fysisk og psykisk trenar bevisst for å utvikle seg som utøvar. E-sport er rekna som verdas raskast veksande sport. Kven er målgruppa? I Medietilsynet si undersøking “Barn og Medier” frå 2020 kan me lese at heile 86% av alle 9-18 åringar spelar eit spel på f.eks PC, Playstation, mobil eller nettbrett. Me kan og lese at andelen gutar ligg særs høgt frå 2016 og fram til i dag. Andelen jenter som spelar er noko lågare men aukande. Tilbodet vil i oppstarten primært bli retta mot born og ungdom i alderen 8-20 år. Tilbodet vil vere for både eksisterande medlemmer og dei som i dag sit heime og manglar eit fritidstilbod. Kvifor E-sport Me trur at ei satsing på E-sport vil vere ei viktig og framtidsretta satsing både for klubben, bygda vår og den enkelte utøvaren. Ved å ta deler av spelinga ut frå ungdomsrommet, legge til sosial og fysisk trening saman med veiledning om kosthald, søvn og utdanning vil den enkelte utøvaren stå betre rusta i møte med framtidig utdanning og arbeidsliv samstundes som ein har moglegheit til å utvikle seg som utøvar. Kva kan me tilby ein E-sportutøvar? Finnås Sportsklubb skal gjennom trening, læring og veiledning setje utøvaren i stand til å kunne ta dei rette vala for å bli best mogleg. Ein god E-sportutøvar: Et rett - Ein god e-sportutøvar må vere rask og skjerpa i tankane. Eit sunt og godt kosthald er viktig for å oppnå dette. Prioriterer utdanning - Skule og utdanning er viktig for framtida og er lurt å ha i bakhand sjølv om ein draumer om å bli ein proff gamer. Ein god E-sportutøvar får leksene unna først. Søv godt - Søvn er viktig for reaksjonsevna. Ein vert ikkje ein god E-sportutøvar når ein er trøytt. Trenar både styrke og uthaldenhet - Kroppen nyttar ressursane meir effektivt og du vert meir energisk. Sinnet vert skjerpa. Til sjuande og sist handlar alt om å trene for å bli ein best mogleg gamer. Målsetting Finnås Sportsklubb si E-sportsatsing skal vera eit lågterskel breiddetilbod som ikkje krev førehandskunnskap eller behov for store økonomiske investeringar for den enkelte. Me skal samstundes legge til rette for at dei som ynskjer å utvikle seg til å kunne spele på eit høgare nivå får moglegheit for dette.

  • Knallkjekk volleyball kick-off

    Tirsdag kveld var det duka for ei skikkeleg kick-off for Finnås Sportsklubb si volleyballsatsing. Både store og små samla seg i gymsalen på Våge skule. Leiar i Finnås Sportsklubb, Idar Larsen, ynskte velkommen til kick-off i samarbeid med Joker Finnås, og satte stemninga for kvelden. Idar Larsen (t.h) ynskjer velkommen til kick-off Torleiv Fylkesnes, styreleiar i Finnås Kraftlag, delte ut ungdomsstipend på heile 25.000 kr til Oda Løvø Steinsvåg. Oda er Finnåsing, volleyballspelar, tidlegare proffspelar i tyskland og er no ein del av Norges Volleyballforbund (NVFB) si satsing mot OL i Paris 2024. Torleiv fortalte litt om kvifor dei vart fenga av Oda sin søknad og ynskte ho lykke til med satsinga si framover. Torleiv Fylkesnes (t.h.) deler ut stipend til Oda Løvø Steinsvåg (t.v). Bjørnar Michalsen-Svendsen, samfunnskontakt i Bremnes Seashore, fekk så ordet og overrekte ein gåvesjekk på 5.000 kr til Finnås Sportsklubb. Desse midlane er øyremerka draktar til volleyballaget som er under oppstart. Bjørnar fortalte litt om kvifor dei støttar lag og organisasjonar for på denne måten bidra til trygge og gode levekår for sine ansatte. Gåvesjekken vart tatt imot av FSK sin primus motor for nysatsinga på volleyball, Linn Maiva Larsen Waage. Bjørnar Michalsen-Svendsen (t.h.) overrekkjer gåvesjekk til Linn Maiva Larsen Waage (t.v.) Tilhøyrarane fekk høyre Oda fortelje om korleis ho vart fenga av volleyball, om all treningsinnsatsen som ligg bak, skulegongen ved ToppVolley Norge, ei fantastisk oppleving som proffspelar i tysk bundesliga og ikkje minst å bli plukka ut til Morgendagens Olympiere, NVFB si satsing mot OL i Paris 2024. Oda Løvø Steinsvåg fortel om satsinga si på volleyball I ei lita bygd treff ein gjerne igjen dei same folka i ulike stillingar. Leiar i Finnås Sportsklubb er også dagleg leiar hjå Joker Finnås. Oda og Joker Finnås signerte ny sponsorkontrakt denne kvelden. Idar Larsen (t.v.) og Oda Løvø Steinsvåg (t.h.) med nysignert sponsorkontrakt Etter alt programmet var det endeleg tid for å svinge ballen over nettet. Store og små fekk prøve ut ferdigheter saman med Oda og tidlegare volleyballspelarar i FSK. Sjå bilete frå dette i bileteserien under. Finnås Sportsklubb takkar Joker Finnås og Vestland Idrettskrets som har bidratt til midlar for å arrangere kick-off'en.

  • Volleyball Kick-Off

    Tysdag 23. november kl. 18.00 arrangerer Finnås Sportsklubb i samarbeid med Joker Finnås kick-off for den nye volleyballsatsinga til klubben. Arrangementet er ope for alle som ynskjer å prøve, sjå eller berre høyre om volleyball. Me får besøk av tidlegare Finnås-spelar Oda Løvø Steinsvåg som i dag er ein del av Morgendagens Olympiere, Norges Volleyballforbund’s rekruttlandslag i sandvolleyball. Oda har tidlegare spela i blant anna tysk Bundesliga og satsar no mot OL i Paris i 2024 i sandvolleyball. Oda vil fortelje om satsinga si og vegen vidare. Finnås Kraftlag kjem for å dele ut ungdomsstipend. Bremnes Seashore kjem for å dele ut gåvesjekk som skal nyttast til draktar for FSK volleyball. Det vert demonstrasjon og moglegheit for å prøve ut volleyball. Dei som vurderer å bli med på FSK si volleyballsatsing vil få meir informasjon om dette under arrangementet. ALLE er hjarteleg velkommen i gymsalen på Våge skule tysdag 23. november kl. 18:00. Kick-Off'en er sponsa av Joker Finnås

  • Avsluttningsfest for barnefotballen

    Fotballsesongen for alderbestemte lag er over for i år. Torsdag kveld var det avsluttningsfest på klubbhuset. Heile 50 born og 16 vaksne var samla til avsluttningsfest. Det var stor stemning, brus, pølse i brød og velfortjent takk for sesongen i form av statuett til alle spelarane. Alle spelarane i aldersbestemte klassar var torsdag invitert til avsluttningsfest saman med trenarane. Leiar i fotballgruppa, Hallgeir Goa Myhre leia festen og hadde til og med litt fagleg innhald i form av presentasjon av reviderte retningsliner for spelarane. Me ynskjer at alle skal ha det trygt å godt når dei deltar på aktivitetar i regi av klubben, og då er retningsliner for både spelarane, trenarane og føresette viktige å rette seg etter. Hallgeir presenterer retningslinene til lydhøyre tilhøyrarar Sjølv om menyen ikkje er den mest avanserte krevst det litt folk for å servere 50 svoltne born. Trenarane bidrar villig med kjøkenteneste. Avsluttningsvis vart det arrangert fotballkamp mellom spelarane og trenarane ute på fotballbanen. Her finta spelarane ut trenarane og avslutta festen med ein soleklar siger. Finnås Sportsklubb rettar ei særskilt takk til alle trenarane våre som veke etter veke brukar fritida si på å skape eit tilbod til borna i bygda. Dåke er utruleg flinke og gjer ein uvurderleg jobb.

  • Ungdomsklubb på Finnås

    Arrangementsgruppa i Finnås Sportsklubb ynskjer å starte opp eit permanent tilbod til ungdommane våre frå 6. klasse og oppover. Me har allereie hatt to slike arrangement som har blitt godt tatt imot av ungdommane. Me planlegg å arrangere ulike ungdomskveldar omtrent ein gong per månad framover. For å starte opp tilbodet treng me hjelp av føresette (eller andre vaksne) som kan vere med som vakter og liknande. Me vil trenge to føresette per arrangement. Kan du vere med å bidra ber me deg ta kontakt med Therese Husa på telefon 92 28 79 26 eller epost therese.husa@gmail.com innan 15. desember. Sjå under for planlagte datoar. Helsing Arrangementsgruppa i FSK

  • Halloweenfest

    Fredag laga arrangementskomiteen Halloweenfest for 6. - 10. klasse. Ungdommane i full sving med "Just dance" Mange kjekke ungdommar kom innom klubbhuset denne kvelden. Her var det kiosk, brettspel, sosial drøs, god musikk, litt underhaldning og premiering for beste Halloweenkostyme. Arrangementskommiteen har beslutta å arrangere slike sosiale kveldar ein gong per månad. Føl med på nettsida vår og på Facebook, der annonserer me i god tid.

bottom of page