Oppstart Volleyball
Dette har me venta i stor spenning på, og endeleg kan me annonsere at det brakar laus med volleyball på Våge.
Onsdag 26. januar er det gruppa 8-10 år (3. - 5. klasse) som startar opp. Fast treningstid vert onsdagar i partalsveker frå 17:30 - 18:30
Søndag 30. januar går gruppa 13-15 år (8. - 10. klasse) i gong og vil ha fast treningstid i søndagar i partalsveker frå kl 18:00 - 19:30
På grunn av koronarestriksjonar må me vente litt med å sleppe til dei vaksne, men håpar me kan annonsere oppstart også her om ikkje lenge.
All trening skjer i gymsalen på Våge Skule.
Dei som ynskjer å melde seg på kan gjere dette via telefon eller SMS til Linn Maiva, tlf: 97 57 51 18.
Eksisterande medlemmer vil bli lagt til i rett gruppe av Linn Maiva. Dei som ikkje er medlem frå før må melde seg inn via innmeldingsskjema. Kommunikasjon, melding om fråfall o.a. vil som for alle andre lag føregå i appen Rubic Laget Mitt.
Dette gledar me oss stort til!
