Varsling om kritikkverdige forhold
I Finnås Sportsklubb skal alle vere trygge. Sei ifrå når du opplever noko som er brot på våre verdiar, etiske levereglar, reglement eller retningsliner. Me ynskjer å få veta om kritikkverdige forhold og set pris på at du melder ifrå.
Eksempel på kritikkverdige forhold kan vere mobbing, trakassering, underslag, kampfiksing, juks eller seksuelle overgrep. Me ynskjer å høyre frå deg slik at me får anledning til å ta tak i og håndtere kritikkverdige forhold på ein god måte, og kan hindre liknande hendingar i framtida.
Kva skjer når du varslar?
Me føl opp alle varsel. Når me mottek varselet ditt vil me gje deg beskjed om kven som har ansvar for å fylgje opp saka og du vil bli oppdatert på kva som skjer med varselet vidare. I Finnås Sportsklubb er det styreleiar Øystein Våge som mottek varselet og eventuelt gir dette vidare til rett sakshandsamar.
Varsle med namn
Du kan varsle med namn og bruke di eiga e-postadresse. Når me mottek varselet vil det bli behandla konfidensielt. Det betyr i denne samanheng at identiteten til den som seier ifrå, og eventuelt den det vert varsla mot, ikkje blir gjort kjent for andre enn dei som treng det for å behandle saka.
Varsle anonymt
Du kan velge å vere anonym når du varslar. Du vil få tildelt eit brukanamn og passord på SMS eller epost slik at du ved eit seinare tidspunkt kan logge deg på for å kommunisere med sakshandsamaren. Om du vel å vere anonym i ei varslingssak kan det bety at me ikkje kan gå vidare med saka ovanfor den det eventuelt vert varsla om. Dette på grunn av at det kan vere vanskeleg å opplyse saka, eller at sakshandsamaren vel å ikkje gå vidare med saka for å sikre varslaren sin anonymitet. Spør gjerne sakshandsamaren din om råd og meir informasjon.
Sende varsel
For å sende eit varsel trykker du på "Mitt Varsel" knappen som tar deg vidare til varslingsportalen vår