top of page

Årsavslutning

Torsdag kveld var det duka for den årlege avslutningsfesten for aldersbestemte klassar i Langevåg Bygdatun. Rundt 150 barn og ungdom, samt 40 vaksne var samla for å heidre seg sjølv.


ree

Det er trenarane sjølv som står som arrangør av denne årlege festen som vart leia av Johnny Olson, fotballeiar i Bømlo Idrettslag. Festen opna med pizza frå kafeèn i Bygdatunet før utdeling av pokalar og litt frileik i hallen til slutt.


I år vart det delt ut 199 utøvarpokalar, i tillegg til 45 trenarar og instruktørar som fekk kvar sin klubbsekk.


Av lag i eigen regi vart følgande pokalar utdelt:

  • Dans - 5 stk

  • Turn - 30 stk

  • E-sport - 7 stk

  • Volleyball - 9 stk

  • Fotball, Mix 2019 - 14 stk

  • Fotball, Mix 2018 - 7 stk


I tillegg har me 24 utøverar på barnetrim som har hatt ei eiga avslutning tidlegare.


Saman med fotballsamarbeidsklubben vår Bømlo Idrettslag delte me ut fotballpokalar til:

  • Jenter 9 år - 11 stk

  • Jenter 12 år - 13 stk

  • Jenter 15 år - 13 stk

  • Gutar 8 år - 8 stk

  • Gutar 9 år - 9 stk

  • Gutar 10 år - 8 stk

  • Gutar 11 år - 8 stk

  • Gutar 12 år - 10 stk

  • Gutar 13 år - 9 stk

  • Gutar 14 år - 7 stk

  • Gutar 19 år - 20 stk


31 trenarar/instruktørar frå Finnås SK og 14 frå Bømlo IL fekk tilslutt utdelt klubbsekk saman med ei viktig påminning til alle om kor avgjerande den frivillige innsatsen som kvar og ein av trenarane i dei to klubban legg ned er, for å kunne gi eit godt idrettstilbod i dei to bygdene våre.


Nokre lag vel å fortsette trening ei stund til, medan andre tek juleferie no. Nokre idrettar, slik som Volleyball har nettopp starta sin sesong og vil nok halde på utover desember. Uansett gledar me oss allereie til 2026 sesongen.


Det er liten tvil om at samarbeidet med Bømlo Idrettslag har blitt minst like bra som me hadde våga å håpe på. Saman med Bømlo IL har me klart å skape eit tilbod som er langt meir omfattande i alderstrinna enn kva me kunne fått til på eiga hand. Me set stor pris på innsatsen frå både spelarane, trenarane og føresette for å få dette samarbeidet til å lukkast.


Når me i tillegg ser ein fin auke i andre idrettar også, nærmar me oss slutten på 2025 med eit særs positivt følelse for utviklinga av klubben.


ree


Kommentarer

Gitt 0 av 5 stjerner.
Ingen vurderinger ennå

Legg til en vurdering
bottom of page