Akrobatisk juleshow
- Webansvarleg
- for 23 timer siden
- 1 min lesing
Onsdag kveld inviterte turngruppa til juleshow. Foreldre, besteforeldre og ein og anna nyskjerrig framtidig turnar fekk sjå alle dei 31 turnerane våre utføre ulike øvelsar dei har trena på i løpet av sesongen.

Med fengande musikk og stødig sikring frå trenarane fekk publikum oppleve både danseoppvarming, backflip, salto, araber og araber-flikk-flakk. Det er ingen tvil om at gruppa har trena godt sidan forrige oppvisning.
Det er og veldig kjekt å sjå at Finnås Sportsklubb er ein allsidig klubb med tilbod om mange ulike idrettar.
Turn er populært blant barn fordi det er moro å utfordre kroppen og lære nye, kule triks som å slå hjul, stå på hender og hoppe på trampoline. Det gjev ei kjensle av meistring og fridom når ein klarar noko nytt.
Turn er ein leikfull måte for barn å utvikle både kropp og sinn. Samstundes er det svært nyttig av fleire grunnar:
Fysisk utvikling: Det styrkjer musklar, betre balanse, koordinasjon, og fleksibilitet – grunnleggjande motoriske ferdigheiter som dei treng i all anna leik og idrett.
Betre sjølvkjensle: Å setje seg mål og nå dei i turn gjev barna auka sjølvtillit og trua på eigne evner.
No tek turngruppa juleferie, men går i gong igjen på nyåret. Då er sjølvsagt nye ivrige turnerar også velkommen.






Kommentarer