top of page

Gymfest i Vest

Turngruppa i Bremnes Idrettslag er i 2025 stolt arrangør av breddearrangementet i turn, Gymfest i Vest, for barn 11-12 år og ungdom 13-17 år. Finnås Sportsklubb si turngruppe er ikkje stor, men sjølv for ei lita gruppe vart dette utruleg kjekt.


Laurdag: For ein dag! Me kickstarta dagen med LPS-tumbling og Trampett for 11-12 år. Her var 262 turnarar i god aksjon fordelt på ca 25 ulike stasjonar. Hjul, arabar, arabar flikk-flakk stift, salto, overslag på pegasus, salto med skru, og backflip er berre noken av øvingane.


Her leverte Finnås med stil både på utøvarar og trenarar som sikra. Etter to timar med knallhard turning, var trenarane klare for ein ny runde med sikring, og køyrde på med nye to timar med sikring på utøvarar 13-17 år og LPs tumbling og Trampett.

Her var det berre smil og sjå, og meistringsglede hos alle!


Etter det var det lunsj på ungdomsskulen.


Så gjekk turen vidare til Svortland skule, og to timar med LPS-Parkour! Nytt for både store og små! Kjekk trening som gav meirsmak for fleire.


Etter ein liten pause var neste høgdepunkt LPS-Dans.

Til skikkelege disko rytmar dansa jentene og Maiva i to timar, og dansen skal framførast søndag!


Søndag: Tidleg i gang med konkurransen! Finnås starta med ein god runde på airtracken, der alle leverte knallbra med to rundar som stod til 10/10 i stil og gjennomføring.


Etter tumbling gjekk me vidare til trampetten der turnerene køyrt strekkhopp, X-hopp, salto og pikert salto! Kjempegøy!


Dette er første gong Finnås Turn er med og konkurrerer, og det gav meirsmak. Me vil på Gymfest og konkurranse igjen, både store og små.


Defilering til premieutdeling, og defilering med korps, flaggborg, drill og faner! Talar, dans, oppvisning og god stemning.


Bremnes leverte eit fantastisk arrangement, for nokre fantastiske dagar med god stemning og proff gjennomføring frå start til slutt.


Takk for oss!





Commenti

Valutazione 0 stelle su 5.
Non ci sono ancora valutazioni

Aggiungi una valutazione
bottom of page