top of page

Turngruppa på treningssamling

Av og til får ein invitasjonar ein berre ikkje kan seie nei til. Det merkast at sommarferien er over og alle dei kjekke aktivitetane våre vaknar til liv igjen. Haustsesongen til turngruppa 9-12 år vart kickstarta laurdag 16. august med ei fellessamling i Trio sin nye turnhall. Tom Larsen i Bremnes IL si turngruppe hadde fått invitasjon til å leie ei trening der og inviterte Finnås med på samlinga.


ree

Det vart avreise frå Bømlohallen i felles buss laurdag kl 10 til Kvinnherad Arena. Sola skein om kapp med spente utøverar som såg veldig fram til ei slik felles samling. Til tross for det gode vèret var det ingen som hadde noko imot å tilbringe dagen innandørs, det vart til og med framsatt påstand om at dette var like kjekt som Rush trampolinepark, om ikkje betre.


Turnhallen har mykje nytt og flott turnutstyr, slik som airtrack, tumblingbane, trampettbane, skumgrop, fleire trampolinar samt eit flott danseområde. Hallen har i tillegg to håndballbanar, kampsportområde, treningsrom, løpebane med meir. Her er det berre å gratulere med eit fantastisk flott anlegg, idrettsgleden kjem nok til å blomstre her framover.


ree

Etter ankomst var det rett i oppvarming, og deretter inndeling i ulike grupper som vart fordelt på ulike stasjonar. Planen for dagen var to økter der første økta besto av styrketrening og turnøvelsar. Etter nær to timar med backflip, salto, araber, araber-flikk-flakk, hopp inn i hinkesats, stift og over i rulle eller salto, var det tid for ein velfortjent pause med brus og pizza.


Økt nr. 2 startar med gøyale dansar til oppvarming. Deretter var det valfrie stasjonar med anledning for å prøve dobbel salto for dei som hadde utført dette tidlegare. Teambuildingsaktivitet vart utført av gruppene med godt humør.


Kl 16:00 takka ein sleten men veldig nøgd gjeng for seg. På ferja gjekk det nokre velfjortjente lommepenger i kiosken før ein var tilbake ved Bømlohallen kl 18:00.


Me er svært glade for at me fekk vere med på denne kjekke samlinga og set pris på det gode samarbeidet med turngruppa til Bremnes IL. Her vart nye bekjentskap stifta og det vart ei flott og lærerik samling.



Siste innlegg

Se alle

Kommentarer

Gitt 0 av 5 stjerner.
Ingen vurderinger ennå

Legg til en vurdering
bottom of page