top of page

Søkeresultat

101 elementer funnet for «»

  • Påskeeggjakt

    Mandag 25. mars kl 08:00 opnar me årets påskeeggjakt. Tel antal egg du finn i løypa opp til Hovda Bruk mobilen og scan QR koden du finn på toppen. Registrer navn og antal Åpent for registrering 25. mars. kl 08:00 til 29. mars kl 18:00 Same navn kan kun registrerast 1 gong per dag. Det er gratis å delta. Me håper mange tar med seg store og små ein tur på Hovda i løpet av påsken. Vinnaren blir annonsert og kontakta og kan hente eit påskeegg hos Joker Finnås laurdag 30. mars.

  • Årsmøte gjennomført

    Årsmøte 2024 er gjennomført. Signert protokoll er tilgjengeleg for nedlasting i menyen Klubben > Årsmøtet. Takk til Idar som nok ein gong losa oss gjennom møtet med stødig og effektiv styring. FSK rettar ei stor takk til dei som no går ut av sine verv. Det er utruleg kjekt å drive ein frivillig klubb når ein har så mange flinke folk som er med å drar lasset. Me rettar og ei stor takk dei som kjem inn i nye verv, og ikkje minst alle som har tatt attval. Saman skal me fortsette å utvikle klubben. Lykke til med jubileumsåret 2024. På vegne av styret i FSK Øystein Våge Styreleiar

  • Medlemskontingent 2024

    Medlemskontingent for 2024 er på veg ut til medlemmane våre. Under finn du viktig informasjon. Me har i 2024 skifta medlemssystem til Hoopit og i denne samanheng også skifta til Stripe som betalingsleverandør. Det vert framover kun mogleg å betale med kort. Me har valgt denne løysinga av kostnadsmessige årsakar, då me heller ynskjer å bruke inntektene våre på å skape meir og betre aktivitetar enn å tilby mange ulike (og dyre) betalingsløysingar. Det er aller enklast for den enkelte å betale via appen, så me anbefaler på det sterkaste å laste ned denne. Skulle ein ha problemer med kortbetaling ber me om at ein kontaktar medlem@sportsklubben.no så finn me ei løysing. Me er lovpålagt av Norges Idrettsforbund å registrere alle våre medlemmer i NIF sitt sentrale register. Dette betyr at ein må bekrefte til NIF at ein er medlem. Svært mange har ikkje gjort dette, og me ber alle som får e-post frå NIF eller via Hoopit om bekreftelse av medlemskap om å gjere dette. Merk at ein vert ikkje automatisk utmeldt av klubben fordi om ein melder seg av ein eller fleire aktivitetar. For opptak av medlemmer, utmelding, fråtaking av medlemskap m.m. gjeld NIFs lov §§ 10-4 og 10-6. I praksis betyr dette at utmelding av klubben skal skje skriftleg eller via Mi side i medlemssystemet. I 2024 får alle som fyller 11 til 15 år i 2024 dekka inntil 2000,- kroner i året til medlemskontingentar/deltakaravgifter til faste, organiserte aktivitetar via Fritidskortet. Både medlemskontingent og treningsavgift kan dekkast av fritidskortet. Då me kun tilbyr kortbetaling kan ein ikkje legge faktura direkte inn, men må søke om refusjon. Her er det svært viktig at du legg ved dokumentasjon som viser kva betalinga gjeld, kven den gjeld for og beløp, ellers blir den avvist. Les meir om fritidskortet på Bømlo Kommune sine nettsider Fritidskortet - Bømlo kommune Du finn og utfyllande informasjon om korleis du søkjer om refusjon samt kva vedlegg du må ha med i klubbhandboka vår

  • A-laget spelar i 6. divisjon i 2024 sesongen

    Ei særs triveleg melding tikka inn i dag. Finnås sitt A-lag stiller i 6. divisjon menn avd. 4 i 2024-sesongen. Det var eit godt nøgd støtteapparat som kunne meddele dette til spelarstallen i dag. Dette betyr full serie og mange kjekke kampar å sjå fram til. Sjølv om ein kom inn bakvegen då det vart ledig plass i 6.divisjon gratulerer hovudtrenar Edvin Helland gjengen med opprykk og poengterer at dette er vèl fortent etter prestasjonen i forrige sesong. Me gledar oss allereie til mange spanande kampar heime på Våge Idrettsplass. 2024 tabellen ser slik ut:

  • Phishing forsøk mot personer i FSK

    Me opplever for tida eit ganske omfattande phishing forsøk (nettfisking på godt norsk) mot FSK. Angrepet går ut på at personer mottar ein e-post som tilsynelatande kan sjå ut til å komme frå leiar i FSK. Om ein veit adressa så kan ein sjå at den er feil, men dette er ikkje enkelt å oppdage. Avsender gir utrykk for å være svært travel og har dermed ikkje anledning til å svare på telefon e.l. Så lenge det ikkje er vedlegg eller lenker i slike e-postar inneheld dei heller ingen virus. Avsender prøver å få til ein falsk dialog for å hente informasjon eller å få nokon til å betale ein falsk faktura. Om ein mottar slike mailar er det berre å slette dei. Ein god regel om ein mottar mailar som ein er usikker på er å kontakte avsendar på ein anna måte enn e-posten for å verifisere om den er reell eller ikkje.

  • Me skiftar medlemssystem

    I dag starta prosessen med å få alle medlemmer over i nytt system Alle som har vore rett integrert opp mot NIF sitt system har i kveld fått ein e-post med lenke til registrering. Me ber alle fullføre denne registreringa. Me anbefaler å ta i bruk appen frå Hoopit som du kan laste ned frå App Store eller Google Play. Dette vil bli den desidert enklaste måten å kommunisere med klubben på, og betale medlemsavgifta. Om du ikkje har fått eller ikkje finn igjen linken kan du bruke denne: app.hoopit.io/join/finnas-sportsklubb-794065

  • Mørkasio vann JokerCup 2023

    Etter ein spanande sisterunde i årets JokerCup var det Mørkasio som vart det sterkaste laget og kunne innkassere premie for topplassering. Værgudane valgte heldigvis å pause regnskyllet over Våge Idrettsplass nokre timar mandag kveld slik at forholda vart greie for både spelarar og tilskodarar. Før kampstart var det heilt åpent kven som ville stikke av med 1. plassen. Både Larsenal og Mørkasio låg berre 1 poeng bak tabelltoppen Rubben, og siger i sin respektive kamp kunne medført siger i cupen, gitt at motsatt lag tapte. Også Bømlo hadde eit snøre ute, og kunne inntatt tabelltoppen med ein 8-målssiger mot Larsenal og eit Mørkasio tap mot Finnås Junior. Slik vart det ikkje. Bømlo vann rettnok med 3 mål over Larsenal, men Mørkasio kjempa seg til ein 4-2 siger over Finnås Junior, og vart dermed årets vinnar. Me gratulerer! Takk til spelarar, dommarar, publikum og arrangør for ein høgst uhøgtidleg og kjekk vintercup.

  • Joker Finnås og Finnås Sportsklubb bidreg med 2 millionar kroner for å realisere fleirbrukshall

    Ein formålstenleg fleirbrukshall på Våge er, forutan ein skule som møter dagens krav til utforming, ute- og innemiljø og gjeldande standarar, kanskje eit av dei viktigaste tiltaka for at delsenteret Finnås skal fortsette den positive utviklinga me har sett over lang tid. Joker Finnås har tatt store løft gjennom fleire år for å fornye, utvide og modernisere butikken. Mange i bygda er flinke til å bruka nærbutikken, og målsetjinga er sjølvsagt at oppgraderingane til slutt skal betale seg i betre drift og meir nøgde kundar seier Idar Larsen, dagleg leiar ved Joker Finnås. Bygda og butikken er gjensidig avhengige av kvarande, og sjølv om dette vert eit veldig tungt løft for oss, vel mer å garantere for 1 million kroner til bygging av ny fleirbrukshall til bygda, seier Larsen. Det er lokal handel som gjer at me kan støtte lokal utvikling. Finnås Sportsklubb har på si side sakte men sikkert auka aktivitetsnivået, og hadde ved utgangen av 2022 ei auke i medlemmar på heile 43% (102 personar) målt mot januar 2020. Dei aller fleste nye medlemmene er aktive medlemmer som nyttar tilbodet kvar veke. Styreleiar i Finnås Sportsklubb, Øystein Våge, er uroa for at aktivitetsnivået i klubben må bremsast grunna manglande treningstilhøve. Styret i klubben vedtok difor på styremøte søndag kveld å fremje forslag til årsmøtet at også Finnås Sportsklubb skal garantere for 1 million kroner til bygging av fleirbrukshall. Det er ein krevjande garanti for Finnås Sportsklubb å stille, og me må snu kvar ein stein for å få det til, men dette er så viktig at me skal jobbe dag og natt om naudsynt for å lukkast, seier Våge. Me kan ikkje sitje å sjå på at naudsynt utvikling av bygda vår, delsenteret Finnås, nok ein gong vert plassert nedst på prioriteringslista og til slutt saldert vekk. Bygda har ei enorm vilje til å samlast og bidra positivt. Me er difor sikker på at fleire, både bygdafolket og næringsliv, vil vere med å bidra for å realisere fleirbrukshallen, seier Larsen og Våge avslutningsvis.

  • JokerCup runde 4 er utsatt

    Grunna is på banen er JokerCup runde 4 utsatt. Resterande rundar vert flytta ei veke fram. Sjå https://www.sportsklubben.no/jokercup for oppdatert terminliste.

  • Ledig stilling som Reinhaldar

    Finnås Sportsklubb har ledig stilling som reinhaldar. Arbeidet består av reinhald i klubben sine lokaler som er fordelt på to bygningar på Våge Idrettsplass. Arbeidsoppgaver: Normalt reinhald 2 gonger i veka (totalt 3-4 timar). Reinhald før og etter utleige. Ekstraordinært reinhald ved behov. Nedvask 1 gong i året. Reinhald vert utført når det ikkje er aktivitet i lokala, anten på ettermiddag, kveld- eller dagtid. Dette kan reinhaldar styre sjølv etter kva som høver best. Jobben høver godt for ungdom, men alle er hjarteleg velkommen til å søkje. Du må vere minst 16 år eller fylle 16 år i år. Me er på utkikk etter deg som er dedikert, fleksibel, samarbeidsvillig og påliteleg. Er dette noko for deg sender du ein kortfatta søknad til utleige@sportsklubben.no Har du spørsmål kan du kontakte utleigeansvarleg Linn Stoknes på telefon 99495070 eller styreleiar Øystein Våge på telefon 41448694.

  • Oppstart Volleyball

    Me startar opp volleyball for gutar og jenter 9-11 år torsdag 2 november kl 18-19 Volleyball damer og herrer ungdom/senior startar mandag 6. november kl 20-2130.

  • Jokercup

    I samarbeid med Joker Finnås tar me opp igjen tradisjonen med vintercup på Våge Me spelar 7'ar fotball i november. Nedre aldersgrense: 13 år Maks 12 spelarar i troppen. Kvart lag kan ha 3 aktive* spelarar, derav 2 på banen samstundes. Kampdag vert mandag (eventuelt ein dag til dersom mange lag). *ein vert rekna som aktiv om ein har spela fotball på A-lagsnivå i 2023. Påmeldingsavgift: Kr 800,- per lag. Påmelding til: nestleiar@sportsklubben.no Påmeldingsfrist: 01.11.2023

bottom of page