Medlems- og aktivitetsavgift
For å delta på organisert aktivitet eller ha eit verv i Finnås Sportsklubb må ein i fylgje lova ha eit personleg medlemskap i klubben. For aktive medlemmar krev me i tillegg ei aktivitetsavgift som er differensiert på alder.
Ein vert ikkje krevd for aktivitetsavgift når ein ikkje deltar på aktivitetar, men er å rekne som medlem i klubben heilt fram til ein har meldt seg ut av klubben via det elektroniske medlemssystemet.
Det er årsmøtet som fastset medlem- og aktivitetsavgifta. For 2022 er det fastsatt slik:
Medlemsavgift:
Type
Pris pr år
Aktivt medlem
Kr
200,-
Støttemedlem
Kr
200,-
Aktivitetsavgift:
Klasse
Pris pr år
0 - 2 år
Kr
0,-
3 - 5 år
Kr
200,-
6 - 12 år
Kr
400,-
13 - 16 år
Kr
600,-
Frå 17 år
Kr
800,-
-
Aktivitetsavgifta gjeld for det kalenderåret ein er født i.
-
Sjølv om ein deltar på fleire ulike aktivitetar betalar ein kun ei aktivitetsavgift.
-
Elevar ved Bømlo Folkehøgskule får 50% rabatt på treningsavgifta.
Har du spørsmål vedrørande inn- og utmelding, faktura eller medlemskap, hjelp med aktivering av brukar i app eller medlemssystem m.v. kan du kontakte klubben sin medlemsansvarleg. Du finn kontaktinformasjon i menyen Administrasjon.
Faktureringsrutinar:
Du finn informasjon om korleis og kva tid me fakturerer i klubbhandboka