top of page

Historia om Finnås Sportsklubb

Stiftinga

Finnås Sportsklubb vart stifta måndag 17.11.1974. Det vart halde stiftsmøte på Våge Skule og tilstade var ein del interesserte frå bygda samt Helge Larsen, Arvid Steinsvåg og Gunnar Sæverud som hadde fremja forslaget om å starta eit eige idrettslag. 

​

Første sak på lista var namn på laget. Stiftingsgruppa hadde kome fram til at Finnås Sportsklubb ville vera eit høveleg namn. Dei grunngav dette med at dei fleste laga i Sunnhordland heitte idrettslag, og difor ville namnet Finnås Sportsklubb skilje seg ut. Dessutan dekka namnet over dei idrettsaktivitetane som laget kom til å driva med. Mot 6 røyster vart namnet til Finnås Sportsklubb. 

​

Neste post var fastsetjing av reglar og vedtekter. Styret kom med forslag om å godkjenne Norges Idrettsforbund sine lovnormer som regler for Finnås Sportsklubb. Mot dette var det ingen motlegg, slik at dette vart einstemming vedteke. 

​

Fastsetjing av kontingent var neste post. Stiftingsgruppa la fram forslag om at kontingenten skulle vera 20 kr for vaksne og 10 kr for born, og at skiljet for vaksen kontingent skulle vera 17 år. Mot 1 røyst vart dette vedteke. 

​

Deretter vart det utnemnt ei valnemnd som skulle koma med framlegg til styret i Finnås Sportsklubb. Til denne nemnda var det vald tre personar: Tor Gunnar Sæverud, Trygve Larsen og Reidar Bjarne Moss. Desse trekte seg så tilbake for å diskutera eit framlegg. I mellomtida gav Helge Larsen ei orientering om kvifor ein var komen fram til at ein skulle danna eit idrettslag. 

​

Valnemnda sitt forslag til styre var: 

Formann: Helge Larsen 

Nestformann: Arvid Steinsvåg 

Kasserar: Tor Gunnar Sæverud 

Sekretær: Reidar Bjarne Moss 

Styremedlem: Inger Johanne Grutle 

​

Dette forslaget vart einstemmig vedtatt og desse personane utgjorde dermed det aller første styret i Finnås Sportsklubb. 

​

Til slutt takka Arvid Steinsvåg for frammøtet og ynskte styret til lykke med arbeidet. 

bottom of page