top of page

A-laget spelar i 6.divisjon i 2024-sesongen

Ei særs triveleg melding tikka inn i dag. Finnås sitt A-lag stiller i 6. divisjon menn avd. 4 i 2024-sesongen.


Det var eit godt nøgd støtteapparat som kunne meddele dette til spelarstallen i dag. Dette betyr full serie og mange kjekke kampar å sjå fram til.


Sjølv om ein kom inn bakvegen då det vart ledig plass i 6.divisjon gratulerer hovudtrenar Edvin Helland gjengen med opprykk og poengterer at dette er vèl fortent etter prestasjonen i forrige sesong.


Me gledar oss allereie til mange spanande kampar heime på Våge Idrettsplass.

留言

評等為 0(最高為 5 顆星)。
暫無評等

新增評等
bottom of page