top of page

Joker Finnås og Finnås Sportsklubb bidreg med 2 millionar kroner for å realisere fleirbrukshall

Ein formålstenleg fleirbrukshall på Våge er, forutan ein skule som møter dagens krav til utforming, ute- og innemiljø og gjeldande standarar, kanskje eit av dei viktigaste tiltaka for at delsenteret Finnås skal fortsette den positive utviklinga me har sett over lang tid.


Joker Finnås har tatt store løft gjennom fleire år for å fornye, utvide og modernisere butikken. Mange i bygda er flinke til å bruka nærbutikken, og målsetjinga er sjølvsagt at oppgraderingane til slutt skal betale seg i betre drift og meir nøgde kundar seier Idar Larsen, dagleg leiar ved Joker Finnås. Bygda og butikken er gjensidig avhengige av kvarande, og sjølv om dette vert eit veldig tungt løft for oss, vel mer å garantere for 1 million kroner til bygging av ny fleirbrukshall til bygda, seier Larsen. Det er lokal handel som gjer at me kan støtte lokal utvikling.


Finnås Sportsklubb har på si side sakte men sikkert auka aktivitetsnivået, og hadde ved utgangen av 2022 ei auke i medlemmar på heile 43% (102 personar) målt mot januar 2020. Dei aller fleste nye medlemmene er aktive medlemmer som nyttar tilbodet kvar veke. Styreleiar i Finnås Sportsklubb, Øystein Våge, er uroa for at aktivitetsnivået i klubben må bremsast grunna manglande treningstilhøve. Styret i klubben vedtok difor på styremøte søndag kveld å fremje forslag til årsmøtet at også Finnås Sportsklubb skal garantere for 1 million kroner til bygging av fleirbrukshall. Det er ein krevjande garanti for Finnås Sportsklubb å stille, og me må snu kvar ein stein for å få det til, men dette er så viktig at me skal jobbe dag og natt om naudsynt for å lukkast, seier Våge.


Me kan ikkje sitje å sjå på at naudsynt utvikling av bygda vår, delsenteret Finnås, nok ein gong vert plassert nedst på prioriteringslista og til slutt saldert vekk. Bygda har ei enorm vilje til å samlast og bidra positivt. Me er difor sikker på at fleire, både bygdafolket og næringsliv, vil vere med å bidra for å realisere fleirbrukshallen, seier Larsen og Våge avslutningsvis.


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page