top of page

Medlemskontingent 2024

Oppdatert: 28. jan.

Medlemskontingent for 2024 er på veg ut til medlemmane våre. Under finn du viktig informasjon.



Me har i 2024 skifta medlemssystem til Hoopit og i denne samanheng også skifta til Stripe som betalingsleverandør. Det vert framover kun mogleg å betale med kort. Me har valgt denne løysinga av kostnadsmessige årsakar, då me heller ynskjer å bruke inntektene våre på å skape meir og betre aktivitetar enn å tilby mange ulike (og dyre) betalingsløysingar.


Det er aller enklast for den enkelte å betale via appen, så me anbefaler på det sterkaste å laste ned denne. Skulle ein ha problemer med kortbetaling ber me om at ein kontaktar medlem@sportsklubben.no så finn me ei løysing.


Me er lovpålagt av Norges Idrettsforbund å registrere alle våre medlemmer i NIF sitt sentrale register. Dette betyr at ein må bekrefte til NIF at ein er medlem. Svært mange har ikkje gjort dette, og me ber alle som får e-post frå NIF eller via Hoopit om bekreftelse av medlemskap om å gjere dette.


Merk at ein vert ikkje automatisk utmeldt av klubben fordi om ein melder seg av ein eller fleire aktivitetar. For opptak av medlemmer, utmelding, fråtaking av medlemskap m.m. gjeld NIFs lov §§ 10-4 og 10-6. I praksis betyr dette at utmelding av klubben skal skje skriftleg eller via Mi side i medlemssystemet.


I 2024 får alle som fyller 11 til 15 år i 2024 dekka inntil 2000,- kroner i året til medlemskontingentar/deltakaravgifter til faste, organiserte aktivitetar via Fritidskortet. Både medlemskontingent og treningsavgift kan dekkast av fritidskortet. Då me kun tilbyr kortbetaling kan ein ikkje legge faktura direkte inn, men må søke om refusjon. Her er det svært viktig at du legg ved dokumentasjon som viser kva betalinga gjeld, kven den gjeld for og beløp, ellers blir den avvist. Les meir om fritidskortet på Bømlo Kommune sine nettsider Fritidskortet - Bømlo kommune


Du finn og utfyllande informasjon om korleis du søkjer om refusjon samt kva vedlegg du må ha med i klubbhandboka vår



0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page