top of page

Phishing forsøk mot personer i FSK

Me opplever for tida eit ganske omfattande phishing forsøk (nettfisking på godt norsk) mot FSK.



Angrepet går ut på at personer mottar ein e-post som tilsynelatande kan sjå ut til å komme frå leiar i FSK. Om ein veit adressa så kan ein sjå at den er feil, men dette er ikkje enkelt å oppdage.


Avsender gir utrykk for å være svært travel og har dermed ikkje anledning til å svare på telefon e.l.


Så lenge det ikkje er vedlegg eller lenker i slike e-postar inneheld dei heller ingen virus. Avsender prøver å få til ein falsk dialog for å hente informasjon eller å få nokon til å betale ein falsk faktura.


Om ein mottar slike mailar er det berre å slette dei.


Ein god regel om ein mottar mailar som ein er usikker på er å kontakte avsendar på ein anna måte enn e-posten for å verifisere om den er reell eller ikkje.



0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page