Ledig stilling som Reinhaldar
Finnås Sportsklubb har ledig stilling som reinhaldar.
Arbeidet består av reinhald i klubben sine lokaler som er fordelt på to bygningar på Våge Idrettsplass.
Arbeidsoppgaver:
Normalt reinhald 2 gonger i veka (totalt 3-4 timar).
Reinhald før og etter utleige.
Ekstraordinært reinhald ved behov.
Nedvask 1 gong i året.
Reinhald vert utført når det ikkje er aktivitet i lokala, anten på ettermiddag, kveld- eller dagtid. Dette kan reinhaldar styre sjølv etter kva som høver best.
Jobben høver godt for ungdom, men alle er hjarteleg velkommen til å søkje. Du må vere minst 16 år eller fylle 16 år i år. Me er på utkikk etter deg som er dedikert, fleksibel, samarbeidsvillig og påliteleg.
Er dette noko for deg sender du ein kortfatta søknad til utleige@sportsklubben.no
Har du spørsmål kan du kontakte utleigeansvarleg Linn Stoknes på telefon 99495070 eller styreleiar Øystein Våge på telefon 41448694.