top of page

Avsluttningsfest for barnefotballen

Fotballsesongen for alderbestemte lag er over for i år. Torsdag kveld var det avsluttningsfest på klubbhuset.


Heile 50 born og 16 vaksne var samla til avsluttningsfest. Det var stor stemning, brus, pølse i brød og velfortjent takk for sesongen i form av statuett til alle spelarane.


Alle spelarane i aldersbestemte klassar var torsdag invitert til avsluttningsfest saman med trenarane.


Leiar i fotballgruppa, Hallgeir Goa Myhre leia festen og hadde til og med litt fagleg innhald i form av presentasjon av reviderte retningsliner for spelarane. Me ynskjer at alle skal ha det trygt å godt når dei deltar på aktivitetar i regi av klubben, og då er retningsliner for både spelarane, trenarane og føresette viktige å rette seg etter.


Hallgeir presenterer retningslinene til lydhøyre tilhøyrarar


Sjølv om menyen ikkje er den mest avanserte krevst det litt folk for å servere 50 svoltne born. Trenarane bidrar villig med kjøkenteneste.


Avsluttningsvis vart det arrangert fotballkamp mellom spelarane og trenarane ute på fotballbanen. Her finta spelarane ut trenarane og avslutta festen med ein soleklar siger.


Finnås Sportsklubb rettar ei særskilt takk til alle trenarane våre som veke etter veke brukar fritida si på å skape eit tilbod til borna i bygda. Dåke er utruleg flinke og gjer ein uvurderleg jobb.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page