Ny sesong med zumba og styrketrening
Gjer dørstokkmila kort og prøv deg på ein time med zumba eller styrkemix

Det kan vere tungt å komme i gong med trening etter ein kort eller lengre ferie, kanskje spesielt tungt i desse pandemitider. Kanskje er det litt enklare å finne tilbake til treningsgleda saman med andre? Meld deg på trening hjå oss.
Ynskjer du å teste ut tilbodet før du melder deg på er du velkommen til ein gratis prøvetime utan forpliktelsar.
Har du spørsmål eller ynskjer ein prøvetime kan du kontakte Linda Helvik på telefon 95 72 26 72. Hugs at den einaste dårlege treninga er den som ikkje skjedde.
Er du aktivt medlem og betalar aktivitetsavgift kan du delta så mykje du vil. Er du meir sporadisk innom kan du betale per gong via Vipps. Begge deler krev at du er medlem i FSK.
Me håpar å sjå deg på klubbhuset på Våge.
Mandag 18:00 - 19:15 - Zumba
Tirsdag 18:00 - 19:00 - Styrkemix
Onsdag 18:00 - 19:00 - Zumba
Torsdag 18:00 - 19:00 - Styrkemix