Volleyball Kick-Off
Tysdag 23. november kl. 18.00 arrangerer Finnås Sportsklubb i samarbeid med Joker Finnås kick-off for den nye volleyballsatsinga til klubben.
Arrangementet er ope for alle som ynskjer å prøve, sjå eller berre høyre om volleyball.

Me får besøk av tidlegare Finnås-spelar Oda Løvø Steinsvåg som i dag er ein del av Morgendagens Olympiere, Norges Volleyballforbund’s rekruttlandslag i sandvolleyball. Oda har tidlegare spela i blant anna tysk Bundesliga og satsar no mot OL i Paris i 2024 i sandvolleyball.
Oda vil fortelje om satsinga si og vegen vidare.
Finnås Kraftlag kjem for å dele ut ungdomsstipend.
Bremnes Seashore kjem for å dele ut gåvesjekk som skal nyttast til draktar for FSK volleyball.
Det vert demonstrasjon og moglegheit for å prøve ut volleyball.
Dei som vurderer å bli med på FSK si volleyballsatsing vil få meir informasjon om dette under arrangementet.
ALLE er hjarteleg velkommen i gymsalen på Våge skule tysdag 23. november kl. 18:00.

Kick-Off'en er sponsa av Joker Finnås