top of page

Teikna ny sponsoravtale verdt 100.000 kr.

Finnås Sportsklubb har teikna ny sponsoravtale med Joker Finnås. Avtalen går over ein periode på 3 år og har ein verdi på heile 100.000 kr.

Kontrakten er framforhandla av vår eminente sponsoransvarleg Kristian Mæland og vart i dag signert av Idar Larsen, dagleg leiar ved Joker Finnås.


At me kan hente ein så pass stor økonomisk trygghet for drift av klubben frå ei lokal bedrift på Finnås er både kjekt og særs viktig for oss seier Mæland. Joker Finnås har vore ein stor økonomisk bidragsytar til drifta av Finnås Sportsklubb over lang tid og me er utruleg glade for å atter ein gong kunne skrive ny sponsoravtale.


Finnås Sportsklubb er heilt avhengig av velvillige sponsorar som bidreg økonomisk til drifta av klubben. Me oppfordrar alle våre medlemmer til å sjekke sponsorsida vår og prioriter gjerne desse neste gong du skal kjøpe den tenesta som sponsorane våre leverer. På denne måten bidrar ein til at det er mogleg å drive lag og organisasjonar på Finnås.


Finnås Sportsklubb takkar Kristian for den viktige jobben han gjer for klubben, og me takkar Joker Finnås for å atter ein gong fornye den aller viktigaste sponsoravtalen me har.


(Me gjer merksam på at biletet er tatt før regjeringa innførte nye koronarestriksjonar)

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page