top of page

Knallkjekk volleyball kick-off

Tirsdag kveld var det duka for ei skikkeleg kick-off for Finnås Sportsklubb si volleyballsatsing.


Både store og små samla seg i gymsalen på Våge skule. Leiar i Finnås Sportsklubb, Idar Larsen, ynskte velkommen til kick-off i samarbeid med Joker Finnås, og satte stemninga for kvelden.

Idar Larsen (t.h) ynskjer velkommen til kick-off


Torleiv Fylkesnes, styreleiar i Finnås Kraftlag, delte ut ungdomsstipend på heile 25.000 kr til Oda Løvø Steinsvåg. Oda er Finnåsing, volleyballspelar, tidlegare proffspelar i tyskland og er no ein del av Norges Volleyballforbund (NVFB) si satsing mot OL i Paris 2024. Torleiv fortalte litt om kvifor dei vart fenga av Oda sin søknad og ynskte ho lykke til med satsinga si framover.

Torleiv Fylkesnes (t.h.) deler ut stipend til Oda Løvø Steinsvåg (t.v).


Bjørnar Michalsen-Svendsen, samfunnskontakt i Bremnes Seashore, fekk så ordet og overrekte ein gåvesjekk på 5.000 kr til Finnås Sportsklubb. Desse midlane er øyremerka draktar til volleyballaget som er under oppstart. Bjørnar fortalte litt om kvifor dei støttar lag og organisasjonar for på denne måten bidra til trygge og gode levekår for sine ansatte. Gåvesjekken vart tatt imot av FSK sin primus motor for nysatsinga på volleyball, Linn Maiva Larsen Waage.

Bjørnar Michalsen-Svendsen (t.h.) overrekkjer gåvesjekk til Linn Maiva Larsen Waage (t.v.)


Tilhøyrarane fekk høyre Oda fortelje om korleis ho vart fenga av volleyball, om all treningsinnsatsen som ligg bak, skulegongen ved ToppVolley Norge, ei fantastisk oppleving som proffspelar i tysk bundesliga og ikkje minst å bli plukka ut til Morgendagens Olympiere, NVFB si satsing mot OL i Paris 2024.

Oda Løvø Steinsvåg fortel om satsinga si på volleyball


I ei lita bygd treff ein gjerne igjen dei same folka i ulike stillingar. Leiar i Finnås Sportsklubb er også dagleg leiar hjå Joker Finnås. Oda og Joker Finnås signerte ny sponsorkontrakt denne kvelden.

Idar Larsen (t.v.) og Oda Løvø Steinsvåg (t.h.) med nysignert sponsorkontrakt


Etter alt programmet var det endeleg tid for å svinge ballen over nettet. Store og små fekk prøve ut ferdigheter saman med Oda og tidlegare volleyballspelarar i FSK. Sjå bilete frå dette i bileteserien under.

Finnås Sportsklubb takkar Joker Finnås og Vestland Idrettskrets som har bidratt til midlar for å arrangere kick-off'en.


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page