top of page

Søkeresultat

101 elementer funnet for «»

  • Seriehelg for dei minste

    I staden for å spele ein og ein kamp har det dei siste åra blitt arrangert seriehelger for dei minste spelarane våre. Seriehelga går på rundgang i klubbane, og her møter alle laga for å spele kamp. Laurdag 30. april var det Finnås Sportsklubb som var arrangør og i eit strålande vèr på Våge Idrettsplass vart det god stemning. Til saman 18 kampar vart spela på dei 3 banane. Takk til spelarane, dommerane, trenarane, arrangementsgruppa og alle tilskodarane. Dette vart ein kjekk dag for utøverane.

  • Samarbeidsavtale med Sport 1 Bømlo

    Finnås Sportsklubb har signert Samarbeidsavtale med Sport 1 Bømlo og Adidas Norge AS. Klubbansvarleg hjå Sport 1 Bømlo, Rebecca Grønnevik Skjetne og leiar i Finnås Sportsklubb, Øystein Våge med signert avtale på plass. Samarbeidsavtalen vil gje klubben og medlemmane våre tilgong til eit breit og godt produktsortiment til svært fordelaktige prisar hjå Sport 1 Bømlo. Avtalen gjeld for 5 år fram til 31.12.2026 Avtalen vil gje FSK sine medlemmer 20% avslag på Adidasprodukter og 10% avslag på øvrig butikksortiment (gjeld ikkje kampanje/tilbodsvarer, elektronikk og sykkel). Om ikkje lenge kjem klubbsortimentet på plass hjå Sport 1 Bømlo. Når dette er klart vil me arrangere klubbkveld i butikken for FSK sine medlemmer. Me kjem tilbake med meir informasjon om dette. Me er svært glade for å signere avtale med ein lokal leverandør seier Øystein Våge til sportsklubben.no. Næringslivet på Bømlo er ein viktig støttespelar for klubben og det er ingen grunn til å reise langt avgarde for for å handle når me får produkt til den kvaliteten og prisen me treng her heime på Bømlo. Avtalen vil og gje Finnås Sportsklubb kickback på alt sal som vert registrert i Sport 1 kundeklubb. Me oppfordrar difor alle medlemmane våre til å nytte seg av denne avtalen hjå Sport 1 Bømlo og på den måten støtte klubben.

  • Finnås med siger i venskapskamp

    Uttrykket "dei gamle er eldst" kom til sin rett på Våge denne fredagskvelden. Rutinane til dei tidlegare A-lagsspelarane til Finnås vart vanskelege for Bømlo å hanske med i den låge kveldssola på Våge Idrettsplass. I strålande vårvèr og tett på 150 tilskodarar på tribunen vart venskapskampen mellom Finnås og Bømlo akkurat den folkefesten me hadde håpa på. Med skikkelig innmarsj og presentasjon av spelarane må ein stille på kamp i Eliteserien for å finne like god stemning. Kampen kom i stand eit godt stykke utpå kvelden under Bømlo Sportsgalla forrige laurdag. Det har difor vore hektisk aktivitet hjå Finnås for å sette saman eit lag. Tid til samtrening vart det ikkje så her måtte ein satse alt på gamle rutinar. Finnås gjekk tidleg opp i leiinga etter ei nettkjenning signert Finnås sin leiar av fotballgruppa, Hallgeir Goa Myhre. Bømlo var ein verdig motstandar og spelet skifta jamt mellom begge lag sin banehalvdel. Når dommar Kenneth Nesse bles av til pause var stillinga 1-0 til Finnås. Etter ein kort kvilepause i garderoben var Jonas Helland tidleg frampå og auka leiinga til 2-0. Festen fortsatte og trass press frå Bømlo putta Glenn Atle Larsen inn 3-0 til Finnås. I siste halvdel av 2. omgang hang kveldssola lågt over Hovda og var til lite hjelp for Bømlo som då spela frå austre banehalvdel. Thomas Larsen signerte 4-0 for Finnås og satte med dette sluttresultatet for kampen. Publikum stemte velfortjent fram Finnås sin keeper, Morten Sæverud, som banens beste spelar. Amine Kallevåg var ein av dei som gav si stemme i "banens beste" og vart vinnar av gåvekort på 500 kr gitt av Sport 1 Bømlo. Ei ekstra takk til dommar Kenneth Nesse som stillte opp som kampleiar denne fredagskvelden. Me håpar å treffast på Våge Idrettsplass til ny fotballfest om ikkje så alt for lenge!

  • Bømlo Sportsgalla

    Laurdag kveld var frivillige frå heile idretts-Bømlo samla til storstilt galla i Langevåg Bygdatun. Bømlo Idrettsråd inviterte alle frivillige og eldsjeler i idretten på Bømlo til å feire seg sjølv denne laurdagen. Gallaen starta i kultursalen kl 17:00 med foredrag av Pål Anders Ullevålseter. Han haldt eit engasjerande innlegg om korleis hans satsing og vegen mot Dakar har utarta seg heilt frå barndommen til jobben som landslagsjef for Endurolandslaget. Deretter haldt kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter eit innlegg der han fortalte om deler av idretten og frivilligheten i dei 5 delsentera i kommunen. Konferaniser for kvelden, Heine Larsen, losa oss trygt igjennom kvelden. Kl 20:00 vart middagen servert inne i idrettshallen. Mellom middag og dessert haldt nokre av idrettslaga korte presentasjonar av sine lag og aktivitetar. Mange frivillige frå heile Bømlo var samla i Langevåg Bygdatun denne laurdagskvelden Bømlo Idrettsråd på scenen Etter middag og dessert vart det spela opp til dans og mang ein god samtale rundt borda vart innimellom avløyst av ein svingom på dansegulvet. Dette vart ein skikkelig festkveld og hyllest av alle som er med å bidreg til drifta av idretts-Bømlo. Takk til Bømlo Idrettsråd for invitasjon og gjennomføring av arrangementet. Me håpar dette vert gjenteke ein gong i framtida.

  • Nye utleigeprisar

    Me har forenkla prismatrisa på utleige og justert prisane. Hugs at alle medlemmer i Finnås Sportsklubb samt frivillige lag og organisasjonar får 30% avslag på prisane. Du finn informasjon om prisar og utleige her.

  • Årsmøtet 2022 vel i havn

    Årsmøtet 2022 i Finnås Sportsklubb vart halde 24. februar på klubbhuset. Du kan lese både årsmeldingar og protokoll frå møtet her. Lurar du på kven som har dei ulike verva i klubben finn du full oversikt over dette her. Finnås Sportsklubb rettar ei stor takk til alle som har bidratt til drifta av klubben i 2021 og ynskjer både nye, eksisterande og gjenvalgte lykke til med drifta i 2022.

  • FSK søkjer ny leiar av fotballgruppa

    Vår mangeårige leiar av fotballgruppa har no tatt fatt på såpass mange spanande prosjekter i klubben at han vil trenge å bli løyst av frå vervet som leiar av fotballgruppa for ei stund. Fotballgruppa er framleis den største gruppa av aktive medlemmer i klubben. Sjølv om mange trur at ein må vere ivrig fotballsupporter, kunne utføre eit perfekt halvtliggande vristspark og at ein må pugge terminlista til Eliteserien utanåt så er dette nødvendigvis ikkje den personen me er på utkikk etter. Leiar av fotballgruppa treng å ha eit snev av gode organisatoriske evner og ein viss forståelse for bruk av ulike datasystemer. Rolla handlar om koordinering. Valnemda har jobba utrettelig med å få på plass ein ny fotballeiar, desverre utan å lukkast. Me lyt nok innrømme at det vert særs vanskeleg å tilby fotball som aktivitet utan nokon som innehar denne rolla. Me ber difor igjen alle som kan tenkast å ha dei eigenskapane me er på jakt etter å vurdere om ein har anleding å vere med å drive Finnås Sportsklubb framover. Me kan tilby ein lettdriven og godt organisert klubb. Avtroppande leiar av fotballgruppa vil bistå med overlapp og opplæring så lenge som naudsynt. Fotballeiaren samarbeider tett med andre i klubben, som for eksempel trenarane, materialforvaltar og systemadministrator. Fotballeiaren kan sjølv styre mykje korleis ein vil at rolla skal utøvast. Er ein god å delegere er det mykje hjelp å hente i dei andre disiplinane i klubben. Heile rollebeskrivinga finn du i klubbhandboka vår. Fotballeiaren er og 1. varamedlem i styret og har møte- og talerett på styremøta. Ved fråfall av styremedlem har fotballeiaren også stemmerett på styremøta. Fotballeiaren må vere eller bli medlem av Finnås Sportsklubb. Kjenner du kallet ber me deg snarast ta kontakt med valnemda som no held på med siste finpuss av sitt framlegg til årsmøtet. Me kan love at du får vere med i eit aktivt miljø som arbeidar målretta for å oppretthalde og skape meir aktivitet i bygda.

  • Oppstart Spelarutvikling

    Onsdag 2. februar startar Finnås/Bømlo opp med SPU-treningar for gutar og jenter fra 2012 og eldre. Første trening blir på Våge kl. 17.30 - 18.30. SPU er ei forkorting for spelarutvikling. Klubbane ynskjer å gje born og ungdom som ynskjer å utvikla seg som fotballspelarar ei tettare oppfylgjing. Dette blir ved å ha ei ekstra trening i veka i tida framover. Fokus på dei fyrste treningane vil vera utvikling av ballferdigheter. Temaer som eksempelvis pasningar, mottak/medtak, skudd og finter vil vera sentrale. SPU vil bli leia av Glenn Atle Larsen. Han har fylgjande å seia før oppstarten: -Dette vert spanande. Det er mange ivrige born og unge i klubbane. Dette er eit fin høve for dei som ynskjer å trena meir og vil utvikla seg som fotballspelarar. Treninga er open for alle. Om du er 100% sikker på at du vil satse meir på fotball eller berre ynskjer å sjå om SPU er noko for deg er du hjarteleg velkommen. Påmelding via denne lenka, vidare oppfølging etter påmelding skjer i Rubic Laget Mitt. Finnås/Bømlo ynskjer velkomen til første SPU-trening. Dette gledar me oss til!

  • Sesongklar tribune

    Endeleg er tribunen ferdig renovert og står klar for ein ny fotballsesong. Alle dei gamle setene er fjerna, treverket er beisa og nye seter inkludert nye brakettar er montert. No er det berre å glede seg til vårsola kjem tilbake og fotballsesongen startar for fullt på Våge. Takk til Sparebanken Vest som har løyva midlar til denne renoveringa. Nok ein gong godt jobba av medlemmene våre som har gjort renoveringa på dugnad.

  • Ny klubbhandbok

    Veit du kva forventningar klubben har til utøvaren eller til føresette? Veit du korleis du søkjer om refusjon for eit utlegg eller ser du etter skjema for opptelling av kontantar etter eit arrangement? Me har gjort ei ganske stor designmessig endring i klubbhandboka vår slik at den skal vere enklare å finne fram i og enklare å lese, spesielt på små flater som mobiltelefon. Me har og flytta heile klubbhandboka ut frå det passordbeskytta intranettet og ut i menyen som er open for alle. Me håpar dette bidreg til at fleire nyttar seg av informasjonen som ligg tilgjengeleg. Savnar du noko i klubbhandboka tek me gjerne imot tips og forslag. Du kan nytte den digitale forslagskassen vår. Klubbhandboka finn du i menyen "Medlem." Det ligg og ein snarveg på framsida.

  • Aktivitet også for dei yngste.

    Den skal tidlig krøkjast den som god sportsklubbar skal bli! Også dei aller yngste i klubben er i gong med sin aktivitet. Kvar mandag frå 17:15 - 18:00 er det Allidrett for aldersgruppa 3 - 5 år. Dei som fyller 3 år i løpet av året kan bli med, så her er yngste deltakar knapt fyllt 2 år. På grunn av den låge alderen dreiar sjølvsagt denne aktiviteten seg mykje om leik og moro, slik som dans, haien kommer, hode skulder kne og tå, balansetrening, klatring i tau og ribbevegg og andre aktivitetar som høver for aldersgruppa. Aktiviteten er for mange det aller første møtet med organisert idrett. Gruppa består av 23 utøverar og 3 instruktørar. I tillegg har borna med ein føresett. Av smittevernhensyn har me dei siste gongane flytta utandørs, men med nokolunde akseptabelt vestlandsvèr og gode flomlys går dette heilt fint. Me håpar likevel at verden snart vert litt meir normal slik at me kan trekkje inn i gymsalen igjen.

  • Full rulle i barnefotballen

    Denne veka har samarbeidslaga til Finnås SK og Bømlo IL starta for fullt med trening. Sportsklubben sin utskremte bloggar fekk gleda av å vere sjåfør for 6 spente jenter frå FSK som skulle møte på si første trening på Langevåg Idrettsplass. Då dette var ei samtrening mellom J11 og J12 var det totalt 7 spelarar frå Finnås og 10 frå Bømlo som møttest. Nokre for første gong medan andre kjente til kvarandre frå før. Det var ingen tvil om at det var litt spenning rundt dette å få ny trenar, nye medspelarar og ein ny treningsbane. Presist kl 17:00 samla trenar Johnny Olson alle dei 17 jentene på banen for navnelæring og litt samtale rundt det nye laget. Spenninga vart dermed raskt snudd om til glede etter berre nokre minuttar på banen. Det var ein imponert trenar som etter 1,5 time i flombelysning på Langevåg blåste av den aller første treninga for desse to samarbeidslaga. Det er ingen tvil om at dette gav meirsmak for både jenter og trenar. Heile samarbeidsprosjektet mellom Finnås og Bømlo har utfordra oss på mange måtar. Me har måtta sette til side ein del gammal tankegang og litt av den ibuande patriotismen har måtta vika for å sikre at både Finnås SK og Bømlo IL skal kunne gi born og unge eit best mogleg fotballtilbod. Prosjektgruppa som har arbeida fram samarbeidsavtalen er ikkje i tvil om at samarbeidet vil vere til det beste for utøverane. Å spele med og mot jevngamle vil gi ein heilt anna oppleving og meistringsfølelse enn eit blandingslag fordelt på 3-4 årsklassar. For føresette som stiller med kjøring kan me tipse om at det finst masse fine turmuligheter både på Langevåg og Våge om ein vil nytte ventetida til å halde seg i aktivitet. Me vil og sjå på muligheten for å opne opp venterom på klubbhusa våre når det er behov. Me rettar ei stor takk til trenarar og støtteapparat rundt laga som veke etter veke bruker av fritida si for å gi born og unge eit viktig fritidstilbod.

bottom of page