Sesongklar tribune
Endeleg er tribunen ferdig renovert og står klar for ein ny fotballsesong.
Alle dei gamle setene er fjerna, treverket er beisa og nye seter inkludert nye brakettar er montert.

No er det berre å glede seg til vårsola kjem tilbake og fotballsesongen startar for fullt på Våge.
Takk til Sparebanken Vest som har løyva midlar til denne renoveringa. Nok ein gong godt jobba av medlemmene våre som har gjort renoveringa på dugnad.