Oppstart Spelarutvikling


Onsdag 2. februar startar Finnås/Bømlo opp med SPU-treningar for gutar og jenter fra 2012 og eldre. Første trening blir på Våge kl. 17.30 - 18.30.


SPU er ei forkorting for spelarutvikling. Klubbane ynskjer å gje born og ungdom som ynskjer å utvikla seg som fotballspelarar ei tettare oppfylgjing. Dette blir ved å ha ei ekstra trening i veka i tida framover.


Fokus på dei fyrste treningane vil vera utvikling av ballferdigheter. Temaer som eksempelvis pasningar, mottak/medtak, skudd og finter vil vera sentrale.


SPU vil bli leia av Glenn Atle Larsen. Han har fylgjande å seia før oppstarten:

-Dette vert spanande. Det er mange ivrige born og unge i klubbane. Dette er eit fin høve for dei som ynskjer å trena meir og vil utvikla seg som fotballspelarar.


Treninga er open for alle. Om du er 100% sikker på at du vil satse meir på fotball eller berre ynskjer å sjå om SPU er noko for deg er du hjarteleg velkommen. Påmelding via denne lenka, vidare oppfølging etter påmelding skjer i Rubic Laget Mitt.


Finnås/Bømlo ynskjer velkomen til første SPU-trening. Dette gledar me oss til!

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle