Seriehelg for dei minste
I staden for å spele ein og ein kamp har det dei siste åra blitt arrangert seriehelger for dei minste spelarane våre.

Seriehelga går på rundgang i klubbane, og her møter alle laga for å spele kamp.
Laurdag 30. april var det Finnås Sportsklubb som var arrangør og i eit strålande vèr på Våge Idrettsplass vart det god stemning. Til saman 18 kampar vart spela på dei 3 banane.
Takk til spelarane, dommerane, trenarane, arrangementsgruppa og alle tilskodarane. Dette vart ein kjekk dag for utøverane.