top of page

Ny klubbhandbok

Veit du kva forventningar klubben har til utøvaren eller til føresette? Veit du korleis du søkjer om refusjon for eit utlegg eller ser du etter skjema for opptelling av kontantar etter eit arrangement?


Me har gjort ei ganske stor designmessig endring i klubbhandboka vår slik at den skal vere enklare å finne fram i og enklare å lese, spesielt på små flater som mobiltelefon.


Me har og flytta heile klubbhandboka ut frå det passordbeskytta intranettet og ut i menyen som er open for alle. Me håpar dette bidreg til at fleire nyttar seg av informasjonen som ligg tilgjengeleg.


Savnar du noko i klubbhandboka tek me gjerne imot tips og forslag. Du kan nytte den digitale forslagskassen vår.


Klubbhandboka finn du i menyen "Medlem." Det ligg og ein snarveg på framsida.


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page