top of page

Full rulle i barnefotballen

Denne veka har samarbeidslaga til Finnås SK og Bømlo IL starta for fullt med trening.


Sportsklubben sin utskremte bloggar fekk gleda av å vere sjåfør for 6 spente jenter frå FSK som skulle møte på si første trening på Langevåg Idrettsplass. Då dette var ei samtrening mellom J11 og J12 var det totalt 7 spelarar frå Finnås og 10 frå Bømlo som møttest. Nokre for første gong medan andre kjente til kvarandre frå før.


Det var ingen tvil om at det var litt spenning rundt dette å få ny trenar, nye medspelarar og ein ny treningsbane. Presist kl 17:00 samla trenar Johnny Olson alle dei 17 jentene på banen for navnelæring og litt samtale rundt det nye laget. Spenninga vart dermed raskt snudd om til glede etter berre nokre minuttar på banen.

Det var ein imponert trenar som etter 1,5 time i flombelysning på Langevåg blåste av den aller første treninga for desse to samarbeidslaga. Det er ingen tvil om at dette gav meirsmak for både jenter og trenar.


Heile samarbeidsprosjektet mellom Finnås og Bømlo har utfordra oss på mange måtar. Me har måtta sette til side ein del gammal tankegang og litt av den ibuande patriotismen har måtta vika for å sikre at både Finnås SK og Bømlo IL skal kunne gi born og unge eit best mogleg fotballtilbod. Prosjektgruppa som har arbeida fram samarbeidsavtalen er ikkje i tvil om at samarbeidet vil vere til det beste for utøverane. Å spele med og mot jevngamle vil gi ein heilt anna oppleving og meistringsfølelse enn eit blandingslag fordelt på 3-4 årsklassar.


For føresette som stiller med kjøring kan me tipse om at det finst masse fine turmuligheter både på Langevåg og Våge om ein vil nytte ventetida til å halde seg i aktivitet. Me vil og sjå på muligheten for å opne opp venterom på klubbhusa våre når det er behov.


Me rettar ei stor takk til trenarar og støtteapparat rundt laga som veke etter veke bruker av fritida si for å gi born og unge eit viktig fritidstilbod.


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page