top of page

Søkeresultat

101 elementer funnet for «»

  • Dansegruppe 1. - 7. klasse

    Me ynskjer alle danseglade born i 1. - 7. klasse velkommen i den nye dansegruppa til Finnås Sportsklubb. Oppstart januar 2023. Meir informasjon om dag og tidspunkt kjem etter kvart. Dersom dette er noko for deg, eller du har spørsmål, send ei melding til Linn Maiva (97575118) eller Marianne (95300951). Ta med alder og navn på barnet. Ditta kjem til å bli gøy😊 Me gleder oss🤩 Mvh Linn Maiva og Marianne

  • Fotballavslutning

    Tirsdag kveld vart det arrangert fotballavslutning for dei aldersfastsette klassane i Finnås/Bømlo samarbeidet. Trenarane hadde på førehand rigga opp heile idrettshallen i Langevåg Bygdatun og stod klare til å ta imot godt over 100 unge fotballspelarar frå dei to klubbane. Medan gjengen på kafeen steikte pizza så det gjekk varmt inne på kjøkkenet fekk me tatt både lagbilete og fellesbilete. På fellesbiletet finn ein Finnås-spelarar i Bømlodraktar, og Bømlo-spelarar i Finnåsdraktar, heilt utan at nokon på førehand har tenkt kven som skal ha på kva. Dette illustrerer samarbeidet mellom dei to klubbane på ein framifrå måte. Me er to klubbar, men når me møtest til trening eller kamp er me eit lag og tenkjer ikkje på kva klubb me høyrer til. Etter fotografering og ei økt med pizza og brus fekk alle spelarane utdelt kvar sin velfortjente statuett frå trenarane sine som ei takk for innsatsen gjennom sesongen. Avslutningsvis fekk trenarane utdelt kvar si Finnås/Bømlo t-skjorte frå fotballeiarane i dei to klubbane. Takk til alle dei kjekke ungane for ei gøy avslutning på sesongen. Også ei stor takk til trenarane som veke etter veke brukar fritida si på å skape eit trygt og godt fotballmiljø til denne store og fantastiske gjengen.

  • Ungdomsklubb

    Me har gjennomført slike arrangement gjennom eit heilt år og det har blitt tatt godt imot av ungdommane. Me planlegg å arrangere ungdomskveldar ein gong i månaden framover. For å fortsette tilbodet treng me hjelp av føresette (eller andre vaksne) som kan vere med som vakter og liknande. Me treng to per kveld. Har du lyst å bidra kan du kontakte Chatrine H. Johansen på telefon 99387329 eller epost chatrinehidle@hotmail.com innan 16. november. Planlagte datoar: 25.11.2022: Spelekveld 16.12.2022: Spelekveld 20.01.2023: Innebandyturnering 17.02.2023: Spelekveld 17.03.2023: Diskotek 14.04.2023: Spelekveld 12.05.2023: Innebandyturnering 09.06.2023: Spelekveld.

  • Løypemelding

    Det er mykje som rører seg i klubben om dagane, og kanskje ikkje alle får med seg alt som skjer. Her kjem difor ei lita løypemelding. Takka være fantastiske frivillige som bruker store deler av fritida si som instruktør, trenar, oppmann, materialforvaltar, sjåfør, foreldrekontakt, styremedlem, rekneskapsførar (denne lista er lang, sjå full oversikt her) har me frå 1 januar 2020 til dagens dato auka den betalande medlemsmassen med heile 38%. Dette er imponerande. Samanlikna med "bunnåret" 2013 er me no 105 fleire medlemmer, dei aller fleste aktive. Tirsdag 18. oktober vert merka av som ein opplevelsesrik og viktig dag for klubben. Som tidlegare omtalt i sosiale media var nestleiar Rannveig Steinsbø i kulturhuset og mottok prosjektmidlar frå Sparebanken Vest. Heile 340 000 kr vart tildelt FSK og prosjektet med renovering av brakkeriggen. Det nyoppstarta A-laget hadde si første trening. Heile 19 ivrige spelarar møtte, og enno har me trua på at nokon fleire vil vere med. Me gledar oss stort til igjen kunne fylle tribunen på Våge for å heie på vårt eige seniorlag. E-sport gruppa 12-15 år hadde og si første trening. Det var ein ivrig og engasjert gjeng som møtte opp i det midlertidige E-sportrommet me har rigga til. Me er i grunn ganske så stolt over tilbodet vårt som inneheld, barnetrim, turn, volleyball, fotball, E-sport samt zumba og styrke. Tusen takk til alle våre frivillige som gjer dette mogleg!

  • Busstur til Brann Stadion

    Når ein har gjort noko to gonger må ein ha lov å kalle det ein tradisjon. Me tillet oss difor å kalle den årlege turen vår til Brann Stadion ein tradisjon. Tradisjonar er til for å haldast ved like. Sundag formiddag fyllte me opp ein buss med store og små før me satte kursen for Bergen, Brann Stadion og kampen mellom Brann og Stjørdalsblink. Vel framme på Brann Stadion var me ein tur innom Brannbutikken for påfyll av supporterartiklar før me tok turen til Fan Zone der det var mogleg med ansiktsmaling (Brann logoen sjølvsagt), quiz, test av skuddferdigheter og anna. Også denne gongen fekk me låne eit klasserom på stadion der me samla oss til ei matøkt med pizza og brus. Me var og så heldige å få besøk av styreleiar i Bataljonen Erlend Vågane. Bataljonen er SK Brann sin offisielle supporterklubb. Erlend fortalte litt om korleis Bataljonen er organisert og kva dei arbeider med. Bataljonen er med og skaper eit enormt liv på Stadion. Kampen førte seg inn i rekka over gode opplevelsar for Brann og Brannsupporterane i år. Med 5-0 siger over Stjørdalsblink vart det satt ny scoringsrekord i OBOS-ligaen. Heile 84 mål har Brann fått inn bak motstandarane sine målvakter i år. Til tross for ein del regn under kampen sat me heldigvis godt under tak på stadion. God stemning og ein knakande kjekk tur fører til at me garantert tek turen igjen (tradisjon tru). Takk til primus motor (og ihuga Brannsupporter) Idar for å organisere turen. Takk til Brann for lån av lokale og takk til Erlend som stillte opp for å fortelle om Bataljonen. Me snakkast til neste år!

  • Infomøte E-sport

    Endeleg begynner E-sportbrikkene våre å falle på plass. Onsdag 5. oktober kl 19:00 kjører me infomøte for dei som er interesserte i å bli med som utøvar, samt føresette som ynskjer meir informasjom om kva E-sport handlar om. Infomøtet vert på klubbhuset vårt på Våge. Me held på å bygge heilt nytt E-sportrom i servicebygget vårt som me håpar er klart på vårparten til neste år. Me riggar eit midlertidig rom i klubbhuset fram til permanent lokale er klart. Dei første gruppene me startar opp er delt i aldersgruppene 12-14 år og 15-17 år. Det er mogleg me også tek med eldre utøverar, så interesserte er velkommen. I løpet av møtet kan dei som er interesserte skrive seg opp på venteliste. Det er dessverre mogleg me ikkje klarar å få plass til alle i fyrste omgang, men me skal gjere det me kan for å skape eit tilbod til alle som ynskjer. Det er trening i klubbhuset fram til møtet startar, så det kan vere lurt å ikkje stille alt for tidlig. Me gledar oss til å treffe deg. Vel møtt!

  • Fotballmoro for damer

    Ein gjeng damer i bygda ynskjer å møtast for innandørs fotball med eit særdeles lågt nivå når det kjem til ferdigheter og teknikk. Hovudmålet her er det sosiale ilag med trening. Er det speling i eliteserien som er målet så er nok ikkje dette rette plassen. Har du lyst å bli med mandagar 18:30 - 20:00 (kom og gå når det passar deg)? Send ei melding i FSK sin messenger om du vil me skal legge deg til i aktivitetsystemet vårt på denne aktiviteten. Har du spørsmål kan desse rettast til Anette på tlf 48 07 07 33.

  • FSK vurderer A-lag herrer i fotballsesongen 2023

    Etter ein del forespørslar frå intresserte i bygda har FSK starta arbeidet med å vurdere moglegheiten for eit A-lag i herrefotballen i kommande sesong. Det er ingen stor hemmelighet at me saknar stort dette tilbodet i klubben. Både som eit tilbod til spelarane og til publikum. Kanskje kan me få liv i Finnås sin velkjente supporterklubb Høneberget? Fredag 7. oktober skipar me til infomøte på klubbhuset for alle som kan tenkje seg å vere med som spelar eller som ein del av støtteapparatet. Er du interresert å vere med kan du melde deg til leiar i fotballgruppa, Hallgeir, på e-post fotball@sportsklubben.no

  • Grendacup på Langevåg

    Laurdag skipa Bømlo Idrettslag til grendacup og inviterte Finnås med på moroa. Strålande sol, godt oppmøte og masse god fotball laga ei fin ramme rundt arrangementet. Ein del spelarar frå barnefotballen var med i sine klassar der laga vart satt opp av arrangøren. I voksenklassen stillte Finnås Superstars og kunne jublande reise heim etter siger i finalen i B-sluttspelet. Takk til Bømlo Idrettslag for invitasjonen. Me kjem til neste år og.

  • Medlemskveld hjå Sport1 Bømlo

    Onsdag 14. september frå kl 19:00 til 21:00 vert det medlemskveld for FSK sine medlemmer hjå Sport1 Bømlo. Sport1 Bømlo og FSK ynskjer velkommen til medlemskveld for alle medlemmer. Det vert 25% på alle varer i butikken denne kvelden (unntatt treningsklokker, el.sykler og real turmat) For å få medlemsrabatten må du vere medlem av Finnås Sportsklubb og Sport1 kundeklubb. Kundeklubben registrerer du deg i her: https://www.sport1.no/klubbavtale/?a=46700892#/ Me gledar oss til ein sporty kveld ilag med dåke. Vel møtt!

  • Familiedag og dugnad

    Gode medlem i Finnås Sportsklubb Laurdag 21. mai arrangerer me kombinert familiedag og dugnad på Våge Idrettsplass. Brakkeriggen er overmoden for ei oppgradering og Årsmøtet har vedtatt å renovere 2. høgda i år. Startskotet går 21. mai. Me skal gjere om på planløysinga, etterisolere og legge heilt nye flater i taket, på veggane og gulvet. Fyrste økta vil bestå av mykje riving så her kan alle som brenn inne med litt energi få nytta dette til noko fornuftig. Samtidig vil arrangementsgruppa stille med kiosk og litt aktivitetar for dei som ikkje deltek på dugnaden. Ein kan få kjøpt både snacks, drikke og ein matbete. Kaffien vert på huset. Her kan altså heile familien få oppleve ein trivelig dag ilag med sambygdingar. Me startar kl 10:00 og held på til kl 17:00, men her kan ein møte når ein sjølv føler for det. Om ein er med i 30 minutt eller 4 timar spelar ingen rolle, alle bidrag hjelper på. Kiosken opnar kl 11:00. Er du ikkje medlem er du sjølvsagt hjarteleg velkommen på både dugnad og familieaktivitetar. SIM har desverre ikkje samkjørt opningstidene sine med dugnaden vår og held stengt. Om nokon kan ta på seg å levere søppel frå rivinga i veka etter dugnaden er ein hjarteleg velkommen til å ta med tilhengar. Anna kjekt verktøy som kan komme til nytte er brekkjern, hammar, bajonettsag og anna gøy ein finn i garasjen. Håpar å sjå deg på Våge denne laurdagen. Sportsleg helsing Styret og anleggsgruppa.

  • Vil du bli fotballdommar?

    Finnås Sportsklubb har behov for fleire fotballdommerar, og det vert no arrangert rekrutteringsdommarkurs i Sunnhordland. Ny kursmodell består av eit e-læringskurs i slutten av mai og ein fysisk møtedag i juni (dato er ikkje fastsett). Rekrutteringsdommar er neste steg på dommarstigen som startar på klubbdommar. Alderskrav for å delta er at ein minimum er eller fyller 15 år i inneverande sesong. Ein må og bestå den teoretiske prøven etter kurset. Finnås Sportsklubb dekker kursutgiftene for våre medlemmer. Påmelding seinast 24. mai på e-post til fotball@sportsklubben.no

bottom of page