top of page

Fotballavslutning

Tirsdag kveld vart det arrangert fotballavslutning for dei aldersfastsette klassane i Finnås/Bømlo samarbeidet.

Trenarane hadde på førehand rigga opp heile idrettshallen i Langevåg Bygdatun og stod klare til å ta imot godt over 100 unge fotballspelarar frå dei to klubbane.


Medan gjengen på kafeen steikte pizza så det gjekk varmt inne på kjøkkenet fekk me tatt både lagbilete og fellesbilete.


På fellesbiletet finn ein Finnås-spelarar i Bømlodraktar, og Bømlo-spelarar i Finnåsdraktar, heilt utan at nokon på førehand har tenkt kven som skal ha på kva. Dette illustrerer samarbeidet mellom dei to klubbane på ein framifrå måte. Me er to klubbar, men når me møtest til trening eller kamp er me eit lag og tenkjer ikkje på kva klubb me høyrer til.

Etter fotografering og ei økt med pizza og brus fekk alle spelarane utdelt kvar sin velfortjente statuett frå trenarane sine som ei takk for innsatsen gjennom sesongen.

Avslutningsvis fekk trenarane utdelt kvar si Finnås/Bømlo t-skjorte frå fotballeiarane i dei to klubbane.


Takk til alle dei kjekke ungane for ei gøy avslutning på sesongen. Også ei stor takk til trenarane som veke etter veke brukar fritida si på å skape eit trygt og godt fotballmiljø til denne store og fantastiske gjengen.

Mix 6 - Finnås

Mix 7 - Bømlo

Mix 7 - Finnås

G8

G9

J9

G10 og G11

J11 og J12

G13

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page