top of page

Løypemelding

Det er mykje som rører seg i klubben om dagane, og kanskje ikkje alle får med seg alt som skjer. Her kjem difor ei lita løypemelding.


Takka være fantastiske frivillige som bruker store deler av fritida si som instruktør, trenar, oppmann, materialforvaltar, sjåfør, foreldrekontakt, styremedlem, rekneskapsførar (denne lista er lang, sjå full oversikt her) har me frå 1 januar 2020 til dagens dato auka den betalande medlemsmassen med heile 38%. Dette er imponerande. Samanlikna med "bunnåret" 2013 er me no 105 fleire medlemmer, dei aller fleste aktive.

Tirsdag 18. oktober vert merka av som ein opplevelsesrik og viktig dag for klubben.

  • Som tidlegare omtalt i sosiale media var nestleiar Rannveig Steinsbø i kulturhuset og mottok prosjektmidlar frå Sparebanken Vest. Heile 340 000 kr vart tildelt FSK og prosjektet med renovering av brakkeriggen.

  • Det nyoppstarta A-laget hadde si første trening. Heile 19 ivrige spelarar møtte, og enno har me trua på at nokon fleire vil vere med. Me gledar oss stort til igjen kunne fylle tribunen på Våge for å heie på vårt eige seniorlag.

  • E-sport gruppa 12-15 år hadde og si første trening. Det var ein ivrig og engasjert gjeng som møtte opp i det midlertidige E-sportrommet me har rigga til.

Me er i grunn ganske så stolt over tilbodet vårt som inneheld, barnetrim, turn, volleyball, fotball, E-sport samt zumba og styrke. Tusen takk til alle våre frivillige som gjer dette mogleg!


E-sport 12-15 år i full sving
A-laget på første trening
Tildelingsblankett frå Sparebanken Vest

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page