top of page

Busstur til Brann Stadion

Når ein har gjort noko to gonger må ein ha lov å kalle det ein tradisjon. Me tillet oss difor å kalle den årlege turen vår til Brann Stadion ein tradisjon. Tradisjonar er til for å haldast ved like.

Ei heil busslast med folk samla utanfor Brann Stadion

Sundag formiddag fyllte me opp ein buss med store og små før me satte kursen for Bergen, Brann Stadion og kampen mellom Brann og Stjørdalsblink.


Vel framme på Brann Stadion var me ein tur innom Brannbutikken for påfyll av supporterartiklar før me tok turen til Fan Zone der det var mogleg med ansiktsmaling (Brann logoen sjølvsagt), quiz, test av skuddferdigheter og anna.


Også denne gongen fekk me låne eit klasserom på stadion der me samla oss til ei matøkt med pizza og brus. Me var og så heldige å få besøk av styreleiar i Bataljonen Erlend Vågane. Bataljonen er SK Brann sin offisielle supporterklubb. Erlend fortalte litt om korleis Bataljonen er organisert og kva dei arbeider med. Bataljonen er med og skaper eit enormt liv på Stadion.

Erlend Vågane, styreleiar i Bataljonen

Kampen førte seg inn i rekka over gode opplevelsar for Brann og Brannsupporterane i år. Med 5-0 siger over Stjørdalsblink vart det satt ny scoringsrekord i OBOS-ligaen. Heile 84 mål har Brann fått inn bak motstandarane sine målvakter i år.


Til tross for ein del regn under kampen sat me heldigvis godt under tak på stadion. God stemning og ein knakande kjekk tur fører til at me garantert tek turen igjen (tradisjon tru).

God stemning på tribunen

Takk til primus motor (og ihuga Brannsupporter) Idar for å organisere turen. Takk til Brann for lån av lokale og takk til Erlend som stillte opp for å fortelle om Bataljonen.


Me snakkast til neste år!

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


Commenting has been turned off.
bottom of page