top of page

Familiedag og dugnad

Gode medlem i Finnås Sportsklubb


Laurdag 21. mai arrangerer me kombinert familiedag og dugnad på Våge Idrettsplass.


Brakkeriggen er overmoden for ei oppgradering og Årsmøtet har vedtatt å renovere 2. høgda i år. Startskotet går 21. mai. Me skal gjere om på planløysinga, etterisolere og legge heilt nye flater i taket, på veggane og gulvet. Fyrste økta vil bestå av mykje riving så her kan alle som brenn inne med litt energi få nytta dette til noko fornuftig.


Samtidig vil arrangementsgruppa stille med kiosk og litt aktivitetar for dei som ikkje deltek på dugnaden. Ein kan få kjøpt både snacks, drikke og ein matbete. Kaffien vert på huset. Her kan altså heile familien få oppleve ein trivelig dag ilag med sambygdingar.


Me startar kl 10:00 og held på til kl 17:00, men her kan ein møte når ein sjølv føler for det. Om ein er med i 30 minutt eller 4 timar spelar ingen rolle, alle bidrag hjelper på. Kiosken opnar kl 11:00. Er du ikkje medlem er du sjølvsagt hjarteleg velkommen på både dugnad og familieaktivitetar.


SIM har desverre ikkje samkjørt opningstidene sine med dugnaden vår og held stengt. Om nokon kan ta på seg å levere søppel frå rivinga i veka etter dugnaden er ein hjarteleg velkommen til å ta med tilhengar. Anna kjekt verktøy som kan komme til nytte er brekkjern, hammar, bajonettsag og anna gøy ein finn i garasjen.


Håpar å sjå deg på Våge denne laurdagen.


Sportsleg helsing

Styret og anleggsgruppa.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page