top of page

Søkeresultat

101 elementer funnet for «»

  • Nye tilbod i klubben

    Me utvidar tilbodet vårt innan turn og startar ny gruppe for 5. - 7. klasse. Til hausten startar me og opp dansegruppe frå 5. klasse og oppover. Turn 5. - 7. klasse får treningstid onsdagar frå kl 19:00 - 20:00, gymsalen Våge Skule med første trening onsdag 30. august. Dans 5. klasse og oppover får treningstid mandagar 17:15 -18:15 i festsalen, klubbhuset med første trening 28. august. For informasjon eller påmelding kontakt Linn Maiva Larsen Waage tlf: 975 75 118 / maivas@hotmail.com

  • Trekning vårlotteriet

    Tusen takk til alle som har kjøpt lodd i vårlotteriet vårt. Vinnarane er trekte. • Gavekort fra Sakseide Gartneri: Ida Mæland • Trillekoffert fra Østensen: Camilla Skålevik • Gavepose fra Sans Hår og Make-up: May Helen Rolfsnes • Trikseball fra Sport1: Sander Tollaksvik • Bok – mot og mannskap fra Eidesvik: Peter Tubaas • Bok – mot og mannskap fra Eidesvik: Ann Kristin Steinsbø • Gavepose fra Spirit frisør: Sivert Søvold Innvær • Gavepose fra Sikje Småbruk: Fam. Steinar Wiik • Gavepose fra Apotek 1: Amanda Steinsvåg • Thermokopp fra Falk Sport og Fleeceteppe fra Europris: Else Karin Simonsen • Gavekort fra Høyt og Lavt: Eivind Dahl • Gavekort 2 kinobilletter fra Bømlo kulturhus: Sona Bærøy • Enhjøringstallerken fra Viergo: Jan T. Alfheim • Hageredskap fra Monter: Casper Tollaksvik • Ein hoppetime fra Rush Trampolinepark: Amalie Sortland • Sokker fra Hans og Hennes: Simon Lutro • Høyttaler, multiverktøy og refleks fra Aker: Noah Johansen • Høyttaler, multiverktøy og refleks fra Aker: Naia Nesse Geitung • Bag fra Mekonomen: Vhtny Nesse Kontaktperson premier: Bergljot Nesse Geitung 901 39 877

  • Treningsavgift 2023

    Faktura for treningsavgift 2023 er no sendt ut. Det kan skje at me har feil registrert i systemet vårt. Har du fått ein faktura du meiner du ikkje skulle hatt ordnar me sjølvsagt opp i dette. Ta i så fall kontakt med medlem@sportsklubben.no snarast. Dei som mottar faktura for barn får ein faktura per. barn. Me har valgt å gjere det slik for enklast ha rett dokumentasjon opp mot fritidskortet. Hugs at Fritidskortet gjeld for alle mellom 11 og 15 år kan nyttast til å betale både medlemsavgift og aktivitetsavgift. Les meir om ordninga på Bømlo Kommune sine nettsider. Treningsavgifta gjeld for det kalenderåret ein er født i. Elevar frå Bømlo FHS får 50% rabatt på treningsavgifta. Ein betalar kun 1 treningsavgift per år. Medlemmer kan delta på alle aktivitetar med same eller lågare sats. Medlemmer som vert aktive seinare enn 31.juni får rabatt på treningsavgifta slik at ein betalar tilsvarande prosentandel av året som gjenstår.

  • Vårlotteri 2023

    Finnås Sportsklubb arrangerer vårlotteri med loddsal i heile mai. Me kjem rundt med loddbøker i tillegg til enkeltdagar med sal frå stand. All betaling vil skje via Vipps. Det er mange fine premiar å vinne, blant anna: Gavekort 1 000,- sponsa av Sakseide Garneri Gavepose sponsa av Sans Hår og make-up Trikseball sponsa av Sport 1 Bok - Mot og mannskap sponsa av Eidesvik Gavepose sponsa av Spirit Frisør Gavepose sponsa av Sikje Småbruk Gavepose sponsa av Apotek 1 Thermokopp sponsa av Falk Sport og Fleeceteppe sponsa av Europris Gavekort sponsa av Høyt og Lavt Nedstrand Gavekort 2 kinobilletter sponsa av Bømlo Kulturhus Enhjørningstallerken i tre sponsa av Viergo Hageredskap sponsa av Monter Bømlo Ein hoppetime sponsa av Rush Sokker sponsa av Hans og Hennes Høyttaler, multiverktøy og refleks sponsa av Aker Gave fra Østensen m.m Trekning torsdag 1. juni. Vinnarane vert kontakta. Overskotet frå lotteriet vil uavkorta gå til drift av Finnås Sportsklubb sine aktivitetar.

  • Sport 1 medlemsdag

    Sport 1 Bømlo inviterer alle medlemmer i Finnås Sportsklubb til medlemsdag 26. april kl 10 - 19 på HSD-Senteret. Medlemmer i klubben får 30% på ei mengde varer denne dagen Adidas klubbklær Adidasbagger/sekker Inndoor fotballsko Select varer Fotballsko Fotballutstyr - sokker, leggskinn, tape Det vert trekning av premie på kassalappen Ynskjer alle velkommen til ein sporty og hyggeleg handel. Det er viktig at ein registrerer seg i kundeklubben for å dei rette rabattane. Hugs også at det alltid er 20% på ordinære Adidasprodukt og 10% på andre ordinære produkt for alle FSK medlemmer.

  • Vil du bli fotballdommar?

    Finnås Sportsklubb har behov for fleire fotballdommerar Har du lyst å prøve deg som dommer vil me veldig gjerne ha deg med i dommergruppa vår. Rekrutteringsdommerkurs / Kretsdommer: Påmeldingsfrist lørdag 15.04 Kursdato: 22.04 på Stord Aldersgrense: Må fylle 15 år i inneverande sesong Klubbdommerkurs: Påmeldingsfrist: Snarest Kursdato: Blir annonsert Aldersgrense: Fra 10 år Kurs kjøres lokalt ilag med Bømlo IL Finnås Sportsklubb dekker kursutgiftene for våre medlemmer. Påmelding eller spørsmål kan rettast til dommerkoordinator Øystein Bratten Sortland på telefon 95920863 eller e-post oystein.sortland@hotmail.com

  • Ingen aktivitet i klubben 27. mars

    Grunna eit særs viktig Trygg på trening-foredrag vel me å avlyse all sportsleg aktivitet i klubben mandag 27. mars. Dette for å gi mest mogleg av trenarane våre moglegheit til å delta på foredraget som gjer viktig kunnskap om førebygging av seksuelle overgrep og trakassering, kva ein skal gjere om ein misstenker at eit barn er utsatt samt gje klubben verktøy for å skapa eit sikrare og tryggare miljø i klubben. Alle trenarar og instruktørar har fått e-post med påmeldingslenke. Om du har eit ansvar i klubben men manglar e-posten ber me deg ta kontakt med medlem@sportsklubben.no

  • Kjøpe-Byttedag av idrettsutstyr

    Bømlohallen, Bremnes 12.02.23 Kl. 12-15 Arrangert av Bømlo Ungdomsråd! Har du noko utstyr som du ikkje brukar? Lever det inn, og bytt til deg noko anna! De får sjansen til å levera inn utstyr tysdag 07.02.23 kl. 17-19 på Langevåg, Moster og Bremnes! Fungerer slik: Om du leverer inn utstyr får du kupongar du kan handle for på arrengementet! For dei som ikkje leverer inn, er det allereie VELDIG låge prisar! Poenget med initiativet er ikkje at nokon skal tjene på dette, men at terskelen skal bli lågare for å byrja eller fortsetje på ein fritidsaktivitet! NB! Berre utstyr som t.d. fotballsko, ballar, racketar. Ikkje klede! VELKOMMEN!

  • Oppstart Spelarutvikling

    Måndag 23 januar kl 18 - 19 startar me opp igjen med SPU Dette vil vere ei frivillig ekstratrening for dei som ynskjer å trene meir fotball. Tilbodet vil vere for J9/G9 (2014) og oppover. Å ha det gøy i lag, samt utvikling og meistring vil framleis vere fokus for målsetningane våre, men me legg og opp lista eit hakk når det gjeld interesse, innsats og konsentrasjon på treningane - derav frivillig for dei som ynskjer det.

  • Oppstart for oldboys/fotballmoro

    Oldboys'en startar opp att treninga onsdag 11. januar kl 19:00 Har du gode nyttårsforsett, eller berre lyst å spela fotball er du hjarteleg velkommen. Her er ingen begrensing på kjønn eller alder, me anbefaler likevel å vere 16 år eller eldre. Ingen øvre grense. Velkommen til fotballmoro onsdagar og søndagar kl 19:00 - 20:30

  • Fakturatrøbbel

    06.01.2023: Feilen er retta. Dei som fekk tilsendt e-faktura må me dessverre be om litt hjelp, då me ikkje har mulighet å trekke desse tilbake frå nettbanken. Sjå under for kva du skal gjere. 1. Eg har mottatt ein eller fleire e-faktura i nettbanken. Logg inn i nettbanken og slett desse. Dersom du forsøker å betale fakturaen vil den bli avvist i banken. Du vil få tilsendt ny faktura. 2. Eg har mottatt e-faktura og lagt denne til betaling i nettbanken på forfallsdato, det vil sei at den er ikkje betalt. Logg inn i nettbanken og slett fakturaen. Dersom du forsøker å betale fakturaen vil den bli avvist i banken. Du vil få tilsendt ny faktura. 3. Eg har mottatt e-faktura og allereie betalt denne. Len deg godt tilbake og nyt livet. Betaling er registrert og du vil ikkje få tilsendt ny faktura. 4. Eg betalte faktura med kort eller Vipps via appen eller "Mi side". Len deg godt tilbake og nyt livet. Betaling er registrert og du vil ikkje få tilsendt ny faktura. 5. Eg har ikkje mottatt faktura. Føl med i e-postboksen din. Den vil komme om nokre dagar. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål eller meiner noko framleis er feil. 05.01.2023: Ein kodefeil er identifisert i systemet. Systemleverandør arbeider med å rette denne. Per no ser det ut for at følgande har skjedd: Dei som mottar e-faktura har mottatt to identiske faktura men med ulike fakturanummer. Dei som mottar e-faktura men betalte via appen før systemet sendte ut e-faktura har ikkje mottatt fleire faktura. Dei som mottar faktura via e-post eller post har ikkje fått faktura tilsendt. Me veit ikkje rettetid enno eller om betalingsleverandøren vil klare å trekke tilbake utstedte e-faktura. Det er fullt mogleg om ein ynskjer å slette den eine fakturaen i nettbanken. 04.01.2023: Me har fakturert årets medlemsavgift i dag. Dessverre har systemet tulla litt med oss. Det ser ut for at same faktura er gått ut to gonger, iallefall til dei som har fått e-faktura rett i nettbanken. Det er sjølvsagt kun den eine fakturaen som skal betalast. Me har ikkje heile oversikten enno, men håpar systemleverandøren får orden på dette i løpet av morgondagen. Me beklagar på det sterkaste.

bottom of page