top of page

Fakturatrøbbel

Oppdatert: 6. jan. 2023

06.01.2023: Feilen er retta. Dei som fekk tilsendt e-faktura må me dessverre be om litt hjelp, då me ikkje har mulighet å trekke desse tilbake frå nettbanken. Sjå under for kva du skal gjere.


1. Eg har mottatt ein eller fleire e-faktura i nettbanken.

Logg inn i nettbanken og slett desse. Dersom du forsøker å betale fakturaen vil den bli avvist i banken. Du vil få tilsendt ny faktura.


2. Eg har mottatt e-faktura og lagt denne til betaling i nettbanken på forfallsdato, det vil sei at den er ikkje betalt.

Logg inn i nettbanken og slett fakturaen. Dersom du forsøker å betale fakturaen vil den bli avvist i banken. Du vil få tilsendt ny faktura.


3. Eg har mottatt e-faktura og allereie betalt denne.

Len deg godt tilbake og nyt livet. Betaling er registrert og du vil ikkje få tilsendt ny faktura.


4. Eg betalte faktura med kort eller Vipps via appen eller "Mi side".

Len deg godt tilbake og nyt livet. Betaling er registrert og du vil ikkje få tilsendt ny faktura.


5. Eg har ikkje mottatt faktura.

Føl med i e-postboksen din. Den vil komme om nokre dagar.


Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål eller meiner noko framleis er feil.

 

05.01.2023:

Ein kodefeil er identifisert i systemet. Systemleverandør arbeider med å rette denne.

Per no ser det ut for at følgande har skjedd:

  • Dei som mottar e-faktura har mottatt to identiske faktura men med ulike fakturanummer.

  • Dei som mottar e-faktura men betalte via appen før systemet sendte ut e-faktura har ikkje mottatt fleire faktura.

  • Dei som mottar faktura via e-post eller post har ikkje fått faktura tilsendt.

Me veit ikkje rettetid enno eller om betalingsleverandøren vil klare å trekke tilbake utstedte e-faktura. Det er fullt mogleg om ein ynskjer å slette den eine fakturaen i nettbanken.


 

04.01.2023:

Me har fakturert årets medlemsavgift i dag. Dessverre har systemet tulla litt med oss.

Det ser ut for at same faktura er gått ut to gonger, iallefall til dei som har fått e-faktura rett i nettbanken. Det er sjølvsagt kun den eine fakturaen som skal betalast.


Me har ikkje heile oversikten enno, men håpar systemleverandøren får orden på dette i løpet av morgondagen.


Me beklagar på det sterkaste.


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page