Treningsavgift 2023
Faktura for treningsavgift 2023 er no sendt ut.
Det kan skje at me har feil registrert i systemet vårt. Har du fått ein faktura du meiner du ikkje skulle hatt ordnar me sjølvsagt opp i dette. Ta i så fall kontakt med medlem@sportsklubben.no snarast.
Dei som mottar faktura for barn får ein faktura per. barn. Me har valgt å gjere det slik for enklast ha rett dokumentasjon opp mot fritidskortet. Hugs at Fritidskortet gjeld for alle mellom 11 og 15 år kan nyttast til å betale både medlemsavgift og aktivitetsavgift. Les meir om ordninga på Bømlo Kommune sine nettsider.
Treningsavgifta gjeld for det kalenderåret ein er født i.
Elevar frå Bømlo FHS får 50% rabatt på treningsavgifta.
Ein betalar kun 1 treningsavgift per år. Medlemmer kan delta på alle aktivitetar med same eller lågare sats.
Medlemmer som vert aktive seinare enn 31.juni får rabatt på treningsavgifta slik at ein betalar tilsvarande prosentandel av året som gjenstår.