Oppstart Spelarutvikling
Måndag 23 januar kl 18 - 19 startar me opp igjen med SPU
Dette vil vere ei frivillig ekstratrening for dei som ynskjer å trene meir fotball.
Tilbodet vil vere for J9/G9 (2014) og oppover.
Å ha det gøy i lag, samt utvikling og meistring vil framleis vere fokus for målsetningane våre, men me legg og opp lista eit hakk når det gjeld interesse, innsats og konsentrasjon på treningane - derav frivillig for dei som ynskjer det.