top of page

Søkeresultat

101 elementer funnet for «»

  • Elektroniske system i FSK

    For at det skal vere enklare å forstå dei ulike elektroniske systema me nyttar i Finnås Sportsklubb har me laga ein kort oversikt på nettsida. Denne finn du i menyen Medlemssider > Brukerveiledninger Då fleire har hatt problemer med å bekrefte medlemsskapet via lenka som NIF sender ut har me og laga ei enkel veiledning på korleis ein kan gjere dette i NIF sitt sentrale medlemssystem. Du finn veiledninga her. Finnås Sportsklubb er forplikta til å rapportere alle medlemmer til NIF, men me kan desverre ikkje handtere informasjonen i NIF sitt system. Dette er det kvar enkelt eller foresatt som må gjere. Me er likevel avhenging av at dette vert gjort på alle medlemmer for at me skal rapportere korrekte tal til NIF kvart år.

  • Finnås Sportsklubb endrar medlemssystem

    Me har i fleire år streva med eit dårleg fungerande medlemssystem. Styret i Finnås Sportsklubb (FSK) har difor beslutta å skifte til Rubic som framtidig leverandør. Me er no godt i gong med å legge over til det nye systemet, og har sendt ut e-post til alle som er registrert som medlem i FSK. Merk at e-posten går til den adressa som er registrert i vårt system, men medlemskapet kan gjerne tilhøyre eit barn som er registrert med foresatte si e-post adresse. Alle vil og få tilsendt ei lenke der du kan aktivere din brukar i det nye systemet. Me ber deg logge inn for å kontrollerer at alle data er rette. På Mi Side kan du knyte saman familiar slik at foresatte kan administrere sine barn via sin eigen profil. Har du mottatt e-post utan å vere medlem i FSK beklagar me dette, men ber då om ei tilbakemelding slik at me får retta opp i feilen. I framtida vil utmelding kun skje via Mi Side i medlemssystemet, men no i ein overgangsperiode kan du og sende ein e-post til systemadmin@sportsklubben.no så rettar me opp fortløpande. Har du derimot ikkje mottat e-post så kan det vere at me manglar e-post adressa di. Ta i så fall kontakt med oss. I neste veke slår me på synkronisering inn mot NIF sitt sentrale medlemssystem. Då vil alle få ei ny lenke frå NIF der dei ber deg bekrefte medlemskapet i FSK. Dette er nok litt tungvint men dessverre ikkje noko me klarar å komme rundt då det er eit krav frå NIF. Me ynskjer dykk alle ein fortsatt god sommar og ser fram til å møtast igjen til ein aktiv haust.

  • Medlems- og treningsavgift

    Denne veka er det blitt sendt ut medlems- og treningsavgift til alle i Finnås Sportsklubb for året 2020. Me ynskjer at alle sjekkar mailboksen sin, om at faktura er mottatt. Har du ikkje mottatt faktura, har spørsmål, eller at det har skjedd ei endring i medlemskapet ditt som ikkje er meldt inn, vennligst send mail til: medlem@sportsklubben.no så finn me ut av det saman.

  • Nytt styre på plass

    Finnås Sportsklubb avholdt årsmøte ved hjelp av videokonferanse, torsdag 30 april. Her vart nytt styre og nye tillitsvalde vald inn. Takk til alle som går ut av verv, og hjartleg velkommen til alle som har tatt gjenvalg, eller er nye i verv. Leiar - Idar Larsen Nestleiar - Arnhild Tveita Økonomiansvarleg - Linn Katla Styremedlem - Linn Maiva Larsen Ungdomskontakt - Katrine Bjørnevik Vara - Hallgeir Myhre og Kristian Mæland Første styremøte for det nye styret vert torsdag 14 mai klokka 19:15 i klubbhuset på Våge. Saker til styret sendes på post@sportsklubben.no innen onsdag 13 mai.

  • All idrettsaktivitet vert avlyst med umiddelbar virkning!

    På bakgrunn av helsemyndigheitenes føringar i den vanskelege koronasituasjon ber Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité om at all idrett, treninger og konkurranser opphøyrer med umiddelbar virkning! Du kan lese heile pressemeldinga frå NIF her På bakgrunn av dette vil sjølvsagt all idrettsaktivitet i Finnås Sportsklubb opphøyre med umiddelbar virkning.

bottom of page