top of page

Finnås Sportsklubb endrar medlemssystem

Oppdatert: 18. jul. 2020

Me har i fleire år streva med eit dårleg fungerande medlemssystem. Styret i Finnås Sportsklubb (FSK) har difor beslutta å skifte til Rubic som framtidig leverandør. Me er no godt i gong med å legge over til det nye systemet, og har sendt ut e-post til alle som er registrert som medlem i FSK. Merk at e-posten går til den adressa som er registrert i vårt system, men medlemskapet kan gjerne tilhøyre eit barn som er registrert med foresatte si e-post adresse.



Alle vil og få tilsendt ei lenke der du kan aktivere din brukar i det nye systemet. Me ber deg logge inn for å kontrollerer at alle data er rette. På Mi Side kan du knyte saman familiar slik at foresatte kan administrere sine barn via sin eigen profil.


Har du mottatt e-post utan å vere medlem i FSK beklagar me dette, men ber då om ei tilbakemelding slik at me får retta opp i feilen. I framtida vil utmelding kun skje via Mi Side i medlemssystemet, men no i ein overgangsperiode kan du og sende ein e-post til systemadmin@sportsklubben.no så rettar me opp fortløpande.


Har du derimot ikkje mottat e-post så kan det vere at me manglar e-post adressa di. Ta i så fall kontakt med oss.


I neste veke slår me på synkronisering inn mot NIF sitt sentrale medlemssystem. Då vil alle få ei ny lenke frå NIF der dei ber deg bekrefte medlemskapet i FSK. Dette er nok litt tungvint men dessverre ikkje noko me klarar å komme rundt då det er eit krav frå NIF.


Me ynskjer dykk alle ein fortsatt god sommar og ser fram til å møtast igjen til ein aktiv haust.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page