top of page

Endringar i koronatiltak

Med bakgrunn i smittesituasjonen i Bømlo Kommune og dei anbefalingar og retningslinjer som er gitt av kommuneleiinga har alle idrettslaga i Bømlo blitt samde om ei felles handsaming av situasjonen for å bidra til avgrensing av smitte. Frå og med laurdag 21. august vert difor fylgjande tiltak iverksett:

  • Treningsaktivitet i barne- og ungdomsidretten går som normalt. Dette gjeld alle idrettar.

  • Treningsaktivitet for vaksne (20+) går som normalt men med krav om 1-meters avstand. Dette gjeld alle idrettar både innandørs og utandørs.

  • Alle kampar, stemner og liknande vert utsett til og med fredag 27. august. Dette gjeld alle aldersgrupper i alle idrettar.

Idrettslaga skal samlast igjen torsdag kveld, 26. august, for å gjere ei ny vurdering av situasjonen.


Idrettslaga på Bømlo bed alle om å ha låg terskel for å halde seg heime om ein utviklar hoste, sår hals, feber, hovudverk, ledd/muskelverk eller andre symptom. Dette gjeld og dei som er vaksinerte. Kontakt i så fall koronatelefonen til Bømlo Kommune.


Med vennleg helsing


Bremnes Idrettslag

Bømlo Idrettslag

Finnås Sportsklubb

Moster Idrettslag

Rubbestadneset Idrettslag

 

Du kan lese meir om spesifikke krav for kvar av FSK sine aktivitetar i denne artikkelen.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page