top of page

Gjeldande koronatiltak

Oppdatert: 1. feb. 2022

I denne artikkelen finn du kva tiltak som er gjeldande for dei ulike aktivitetane til Finnås Sportsklubb.


Gjeldande i Finnås Sporstklubb frå 01.02.2022 kl 23:00:

  • Aldersfastsett fotball: Ingen begrensing i aktivitet

  • Allidrett og turn: Ingen begrensing i aktivitet

  • Volleyball: Ingen begrensing i aktivitet

  • Oldboys og B-lag: Ingen begrensing i aktivitet

  • Zumba og Styrke: Ingen begrensing i aktivitet

Meir informasjon om dei nasjonale tiltaka finn du på regjeringa sine nettsider.

Siste nytt lokalt finn du på Bømlo Kommune sine nettsider.

 

Endringslogg:

  • 01.02.2022: Endringar i dei nasjonale tiltaka. Organisert idretts- og fritidsaktivitet kan føregå som normalt både innandørs og utandørs for alle aldersgrupper, med kontakt der det er naudsynt.

  • 12.01.2022: Endringar i dei nasjonale tiltaka. Idrett for dei under 20 år går som normalt utan antal og avstandsbegrensing utandørs men med begrensing på 20 personar innandørs. Ingen begrensing i kamp, turnering og cup utandørs. Idrett for dei over 20 år går som normalt utan antal og avstandsbegrensing utandørs men med begrensing på 20 personar innandørs og krav til 1 meter avstand (2 meter ved høg intensitet).

  • 13.12.2021: Nye nasjonale tiltak innført. I praksis betyr dette at all innandørs idrettsaktivitet for vaksne vert stoppa og ein må halde meteren ved utandørs idrettsaktivitet for vaksne. Barneidretten går som normalt for årstida men med visse restriksjonar på antal ved innandørstrening.

  • 24.09.2021: Regjeringa gjenopnar landet. Alle innanlands restriksjonar vert fjerna frå laurdag 25.09.2021 kl 16:00

  • 26.08.2021: Bømlo Kommune justerer ned att tiltaksnivået gjeldande frå og med 27.08.2021. Vanleg trening med kontakt i alle aldersgrupper. Alle kan delta som utøvarar på idrettsarrangement eller konkurranse på tvers av regionar/kretsar (nasjonalt), både utandørs og innandørs

  • 21.08.2021: Bømlo Kommune aukar beredskapen. Antal i vaksenidretten vert redusert til 20 innandørs / 30 utandørs. Oppstart Jokerliga utsett i to veker. 1-meters regel er gjenninført i vaksenfotballen. Alle kampar og stemner er utsatt ei veke.

  • 18.06.2021: Lagt til opning for kontakttrening for vaksne over 20 år i breddeidretten

  • 22.04.2021: Tatt vekk informasjon om at ein ventar på kampoppsett og lagt til at kampar vert kun spela internt på Bømlo.

  • 17.04.2021: Saka oppdatert etter endring av nasjonale tiltak som eit ledd i regeringa si gjenåpningsplan. Vaksne kan no driva organisert aktivitet innandørs i grupper på 10 personar og utandørs i grupper på 20 personar, så lenge ein kan halde 1 meter avstand.

  • 09.04.2021: Saka oppdatert med ny overskrift, informasjon om opphøyr av lokal forskrift og ny dato for vurdering av nasjonale tiltak.

  • 24.03.2021: Saka vart oppdatert etter at regjeringa oppdaterte dei nasjonale retningslinjene og innførte forbod mot innandørs idrett- og fritidsaktivitetar for vaksne til og med 12. april 2021.

  • 22.03.2021: Saka vart oppdatert etter at Bømlo Kommune vedtok å forlengje den lokale forskrifta til 9. april 2021.

  • 16.03.2021: Saka vart publisert fyrste gong med informasjon om lokal forskrift vedtatt i Bømlo Kommune.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page