top of page

Medlems- og aktivitetsavgift 2021

Kjære medlem. Faktura med medlems- og aktivitetsavgift er no sendt ut.


Nytt i år er at me har delt aktivitetsavgifta i to kvartal, og for aktive medlemmar er det no fakturert medlemsavgift samt aktivitetsavgift for første halvår 2021.


Fakturaen kan betalast direkte med kort, eller via nettbank.


I medhald av tidlegare informasjon frå styret vert det ikkje fakturert aktivitetsavgift for Oldboys og Jokerliga i første halvår.


Forventar du faktura men har ikkje fått den ber me deg sjekke søppelboksen din fyrst. Er den ikkje der heller kan du kontakte medlemsansvarleg. Du finn kontaktinfo samt informasjon om våre medlems- og aktivitetsavgifter her.


Me gjer vårt ytterste for at faktureringa skal vere korrekt, men me kan samstundes ikkje gjette oss fram til alle endringar. Me minnar difor på at kvar enkelt har eit ansvar for å informere oss ved endringar i medlemskap. Utmelding av klubben skal skje skriftleg eller direkte via medlemssystemet.


Grunna ein litt dum avhuking i systemet vart desverre ein del aktivitetsavgifter fakturert til foresatte, medan medlemsavgifta vart fakturert til den enkelte medlem. Dette skal me bli betre på neste gong.


Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål om faktura eller medlemskap.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page