top of page

Knallkjekke Brann-tur

Søndag 17. oktober sette heile 54 store og små kursen for Bergen og Brann stadion.

Klokka er 12:29 når reiseleiar, ihuga Brann-supporter og styreleiar i FSK, Idar Larsen entrar bussen. - Gje meg ein B. -Gje meg ein R, rungar det bakover i bussen. -Nei, dette er for dårleg er Idar sin respons når returlyden ikkje står til forventningane. -Dette klarar me betre. -Gje meg ein B. Denne gongen svarar bussen så ein kunne høyre det heilt til Gassasundet, minst. Og dermed var stemninga for turen satt.


I eit nydeleg haust-vèr gjekk turen nordover E39 med ein framifrå sjåfør frå Suldalsbussen. Med supportarsongar på høgtalarane og ein reiseleiar i toppform vart også bussturen ein fin del av turen.


Heile gjengen samla framfor Brann-butikken


Framme på Brann Stadion hadde me oss fyrst ein tur innom Brannbutikken, der nokre fekk handla seg både skjerf og lue. Utanfor vart heile gjengen, og den var ikkje liten, samla til gruppebilete. Linda måtte nesten klatre opp på Ulriken for å få avstand nok til å samle alle på eit knips.


Kl 16:00 vart me tatt imot av salgs- og partneransvarleg i Brann, Christian Storvik. Han ordna slik at me fekk låne lokale der me serverte pizza og brus til heile reisefylgjet. Me fekk og med oss når Bataljonen, Brann sin supporterklubb, hadde marsj ned mot stadion.


Gjert og Idar i livlig diskusjon

Gjert Moldestad i samtale med Idar


Medan me venta på kampen fekk me fyrst besøk av Gjert Moldestad, styreleiar i Bataljonen. Han haldt eit spanande innlegg om korleis supportarklubben jobbar, forbereier seg til kamp og korleis dei skapar stemning under kampen. Er det noko Bataljonen er kjent for er det å skape god kampstemning.


Christian Storvik (t.v.) saman med dei fire Brann-spelarane Runar Hove, Ole Didrik Blomberg, Filip Møller Delaveris og Markus Haaland


Dei yngste i reisefylgjet saman med Brann-spelarane (og Svein Trygve)


Deretter fekk me besøk av dei fire Brann-spelarane Runar Hove, Ole Didrik Blomberg, Filip Møller Delaveris og Markus Haaland. Det var skikkelig kjekt for alle å få treffe fotballspelarar som spelar i Eliteserien.



Inne på stadion sat me samla på SPV tribuna. Det var ikkje vanskeleg å høyre at det var heile 13 500 som var samla, for det var god stemning og bra trøkk i publikum. Det vart ein særdeles spanande kamp der både Brann og motstandar Stabæk kjempa for å unngå nedrykk. Sjølv om Brann jobba godt og leverte ein spanande kamp var det Stabæk som var i leiinga 0-1 når 90 minutt var spela. Heldigvis utligna Kasper Skaanes for Brann 1 minutt på overtid, og kampen enda uavgjort 1-1. Du kan lese meir om kampen på Brann sine nettsider.


Turen heimover gjekk minst like godt og klokka 22:00 var bussen tilbake utanfor Joker Finnås.


Tusen takk til alle som var med denne søndagen. Dette håpar me å gjenta om ikkje så alt for lenge.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page