top of page

Hjartestartarkurs

Måndag kveld var medlemmer i FSK og ansatte ved Joker Finnås samla på klubbhuset for opplæring i hjarte- og lungeredning med bruk av hjartestartar.


Kurset var ved den røynde instruktøren Lars Einar Hollund som har halde slike kurs for oss fleire gonger tidlegare.

Kjennskap til hjarte- og lungeredning er særs viktig og kan utgjere den store forskjellen den dagen ein skulle komme ut for ein person med mogleg hjartestans.


Finnås Sportsklubb har nyleg skifta ut sin hjartestartar og har no ein modell med nyaste teknologi og elektrodesett både til born og vaksne.


Lurar du på kor næraste hjartestartar er montert finn du informasjon om dette i Hjertestarterregisteret. Kjem du ut for ein person med mogleg hjartestans må du straks ringe 113. Heller ring ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Takk til Lars Einar som tok turen til oss denne måndagskvelden, og takk til dei som deltok.

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page