top of page

Referat tidligare arrangement

Informasjon

Navn på arrangementet

Aktivitetsdag for 1. - 3. klasse

Stad:

Fotballbana på Våge

Dato:

søndag 1. november 2020

Klokka:

Image-empty-state.png

09:00

Aldersgruppe:

1. - 3. klasse

Pris:

100

Beskrivelse

Me arrangerer aktivitetsdag for 1. - 3. klasse. Aktivitetsdagen tek plass på fotballbanen på Våge med ulike aktivitetar og leikar ute på bana.

 

Aktivitetsdagen vert avslutta kl 11:30.

 

Prisen inkluderer pølse i brød og juice.

 

Obs: Ein treng ikkje vere medlem i FSK for å delta.

 

Me gledar oss til å treffe deg!

Referat

Planlegging

Blei gjort på møte via Teams. Sjå eige dokument med arbeidsliste.

Ei eiga liste over oppgåver og arbeidsfordeling er utarbeida og lagra i økonomiutvalet si Drive-mappe (dokumentarkiv) for seinare bruk.

 

Oppmøte

Oppmøte ved brakkene. Inndeling i grupper og informasjon. Starta med Blime dansen. Musikk frå anlegget på banen. Dette fungerte bra.

 

Leikar

1. Hinderløype.

• Utstyr: kjegler, ball, tau og liknande (henta i brakkene). Tribunen var ein del av løypa.

2. Støvelkast

• Utstyr: Målebånd og støvel (Torfinn tok med heimante).

3. Haletikken

• Utstyr: kjegler til å laga bane. Vest til hale (henta i brakkene).

4. Zombietikken

• Utstyr: ingen

5. Stiv heks.

• Utstyr: ingen

6. Aktivitetsbingo

• Utstyr: Ark med aktivitetsbingo, henta på nett. Plastmappe rundt arket, White Board-tusj til å krysse ut og papir til å tørke bort.

 

Evaluering aktivitetar.

Me køyrde 10 minutt på kvar stasjon. Dette var nok, det bør ikkje vera lenger enn dette. Ein bør ikkje ha fleire springeleikar etter kvarandre. Hugs å oppfordra til at borna har med seg drikkeflaske når ein annonserer.

Me måtte henta inn litt ekstra personell for hjelp på leikane, inkludert to 7.klassingar.

Det er mykje kjekke leikar ein kan ha. Me gjekk for aktivitetar der ein har lite kontrakt med ting og tang for å sleppe mykje vasking/spriting (smittehensyn).

 

Mat

Pølse med brød og juice. Det blei rekna ca. 1 pølse per stk + 1 juice.

Denne blei servert i eine garderoben. Borna gjekk gruppevis bort og fekk seg mat. Dette fungerte veldig bra. Kort veg frå kjøkenet til mat-utdeling.

 

Avslutning

Avslutta med utdeling av sjokolade-medalje ved brakkene.

Innkjøp: Sjokolademedalje og takk for hjelpa til ungdommane (sjå innkjøp barnebingo).

 

Betaling.

Påmelding via Rubic med betaling. Dette synte seg å vera veldig bra, då me måtte avlyse opprinnelig arrangement, så var det enkelt å sende mail og sms ut frå systemet til alle påmelde.

Tilbakebetaling: Tilbakebetaling må gjerast manuelt. Dei dette gjaldt (det var få), fekk beskjed om å sende mail til medlem@sportsklubben.no med kontonummer og namn, så ordna økonomiansvarleg dette.

bottom of page