Det er ikkje uvanleg med god stemning rundt kaffibordet i garderoben til A-laget før trening. Litt meir uvanleg er det at John Willy serverer heimelaga fotballkake, men det var ikkje utan grunn.
Gutane feira nemleg opprykk til 5. divisjon i 2025 sesongen.
Hovudtrenar Edvin Helland kunne sleppe den kjekke nyheita til gutane før trening tirsdag kveld. Han nytta høvet til å rose gutane for den enorme innsatsen dei har lagt ned heilt sidan treningsstarten hausten 2022 og 7. divisjon i 2023 sesongen. Ikkje bere sportsleg har dei vist ein enorm vilje, innsats og evne, men også det sosiale miljøet i og rundt laget har blitt minst like bra som intensjonen var når ein starta opp att.
Leiar i klubben, Øystein Våge, var også innom garderoben med gratulasjonar og han rosa gutane for den iveren og gleda dei viser på kamp, trening, reise og ellers. Leiaren er særs nøgd med måten laget representerer klubben på, og at dei er flotte førebilete for barn og unge i klubben som utan tvil ser opp til denne flotte gruppa.
Fantastisk godt jobba gutar!
Me nyttar samstundes høvet til å gratulere Bremnes 2 som og rykker opp til 5. divisjon. Det betyr at det vert spanande lokalderby på Våge og på Krøllo også neste år. Me gledar oss allereie.
Til tross for at opprykket er eit faktum har ikkje gutane tenkt å slakke av farten. Dei vil gi det dei har, for det er enno nokre kampar som må vinnast skal ein komme vidare til kretsmeisterskapet. Spenninga er med andre ord ikkje over for i år enno.
Comments