top of page

Senior damelag

Etter å ha gjennomført drøftingar med spelargruppa som kontakta oss, har styret i FSK vedtatt å opprette eit seniorlag for damer.


Utgongspunktet for å opprette laget er å gje eit fotballtilbod for dei som av ulike årsakar ikkje har eit aktivt tilbod per i dag. Er fotballskoa lagt på hylla, men du føler at fotballen framleis lokkar? Då er du sjølvsagt velkommen til å bli med.


Laget trenar på Våge Idrettsplass mandagar og onsdagar kl 19:30 - 21:00.



Fleire personar i støtteapparatet vil og vere naudsynt på sikt, både som hjelpetrenar og ulike støttefunksjonar. Har du lyst å bidra er det berre å ta kontakt med oss.



Styret vil i løpet av hausten invitere Bømlo-IL til dialog for å sjå om eit eventuelt samarbeid for 2026 sesongen kan vere hensiktsmessig, då med tanke på å kunne gi eit godt framtidig tilbod til jentene som i dag spelar på samarbeidslaga våre i aldersfastsette klassar. Både spelargruppa, laget sitt støtteapparat og trenarar for eksisterande aldersfastsette jentelag i klubben vil inviterast med i desse drøftingane.


ree

bottom of page