Tirsdag 28. januar signerte kjøpmann Idar Larsen og sponsorkontakt i FSK, Kristian Mæland, ein avtale der Joker Finnås fornyar som hovudsponsor for klubben i 2 år.

Me er glade for at Joker Finnås atter ein gong fornyar avtalen med Finnås Sportsklubb seier Kristian Mæland. Me har eit langt og godt samarbeid med nærbutikken vår, og ser nok ein gong at me saman finn løysingar som gagnar begge partar.
Kjøpmann Idar Larsen er nøgd med avtalen, og poengterer at dei er takksam for alle som vel å handle lokalt. Det er lokal handel som gjer det mogleg å fornye avtalen. For at Finnås skal vere ein god plass å bu, og ei bygd i utvikling, treng ein butikken. For at butikken skal fortsette å vere ein god og konkurransedyktigt nærbutikk treng ein innbyggarar som nyttar den. For å ha innbyggarar som ynskjer å bu på Finnås treng ein eit attraktivt fritidstilbod slik som blant anna FSK tilbyr. Alt heng difor samen med alt, og me er enormt stolte over kva Finnås Sportsklubb får til i bygda, med eit så breidt aktivitetstilbud til personer i alle aldrar, avsluttar Larsen.
Avtalen gjeld for 2 år, og sikrar FSK ei årleg utbetaling på 50.000 kr.
Comments