top of page

Blink Hus Cup 2025

Oppdatert: 17. feb.

Tradisjon tru arrangerte Bremnes Idrettslag Blink Hus cup i Bømlohallen for gutar og jenter i aldersgruppa 7 - 11 år denne helga.


Totalt var det 52 lag som deltok, inkludert nokre lag frå Stord. Det var difor mange kampar som skal avviklast i løpet av to dagar, men fotballgruppa i Bremnes IL har lang og god erfaring med å arrangere cupen. Alt låg dermed til rette for nok eit kjekt arrangement for dei yngste spelarane.


Frå Finnås/Bømlo deltok 6 lag, Mix-7, G-8, J-9, G-9, G-10 og G-11


Til tross for utfordrande kjørefohold på Bømlo laurdag morgon opna Mix-7 ballet kl 08:30 laurdag morgon. G-8 hadde sine kampar frå 11:30 og J-9 starta 14:30. Søndag var G-9 i gong kl 09:00, G-10 i bresjen frå klokka 12:00 og G-11 avslutta frå vår side med 4 kampar frå klokka 14:30 og utover.


Det vert meldt om god stemning, mange mål og særdeles godt besøk i kiosken.


Sjå bilete frå laga i karusellen under.



Comments

Rated 0 out of 5 stars.
No ratings yet

Add a rating
bottom of page