Hallgeir Goa Myhre

12. mai 2022

Vil du bli fotballdommar?

Finnås Sportsklubb har behov for fleire fotballdommerar, og det vert no arrangert rekrutteringsdommarkurs i Sunnhordland.

Ny kursmodell består av eit e-læringskurs i slutten av mai og ein fysisk møtedag i juni (dato er ikkje fastsett).

Rekrutteringsdommar er neste steg på dommarstigen som startar på klubbdommar. Alderskrav for å delta er at ein minimum er eller fyller 15 år i inneverande sesong. Ein må og bestå den teoretiske prøven etter kurset.

Finnås Sportsklubb dekker kursutgiftene for våre medlemmer.

Påmelding seinast 24. mai på e-post til fotball@sportsklubben.no

    0