top of page
SPU - Spelarutvikling

Oppdatert

6. februar 2022

Nedlasting
Snarvegar

SPU er ei forkorting for spelarutvikling. Dette er fotballtrening med tettare oppfylgjing for born og ungdom som ynskjer å utvikla seg som fotballspelarar.


Fokus på dei fyrste treningane vil vera utvikling av ballferdigheter. Temaer som eksempelvis pasningar, mottak/medtak, skudd og finter vil vera sentrale.


Treningane skjer på Våge Idrettsplass

  • Partalsveker: 18:30 - 19:30

  • Oddetalsveker: 17:30 - 18:30


SPU-treninga er open for alle medlemmer, både gutar og jenter, i Finnås SK og Bømlo IL som er fødd i 2012 eller seinare. Om du ynskjer å sjekke ut om SPU er noko for deg eller om du er 100% sikker på at du vil satse meir på fotball er du hjarteleg velkommen. Meld di interesse via denne lenka. Dette er ikkje ei forpliktande påmelding men gir deg tilgong til SPU i aktivitetsappen vår Rubic Laget Mitt. Vidare påmelding til dei spesifikke SPU-øktene ein ynskjer å delta på vert så gjort i Rubic Laget Mitt.




bottom of page