Vinnarane av påskeeggjakta 2021
Vinnarane av påskeeggjakta 2021 er trekte. Heile 134 personar registrerte seg innan jakta var over kl 20:00 i kveld.

Denne gongen var det viktigare å delta enn å finne heilt rett antal egg. Me har difor trekt vinnerane blant alle som har registrert seg. For dei som lurer var det hengt opp 12 egg i løypa.
Vinnarane, som kan hente eit påskeegg hjå Joker Finnås laurdag 3. april 2021, er:
Linda Steinsvåg Gunnarsjå
Dagfinn Steinsvåg Johnsen
Eva Ervik Strand
Ella Stautland
Jacob Fagervik
Me gratulerer!
93 personar fann alle 12 egga
18 personar fann 11 egg
4 personar fann 10 egg
19 personar fann heile 13 egg
Takk til alle som tok turen til Hovda. Me i Finnås Sportsklubb ynskjer alle ei fortsatt god påske!
Trekninga har gått føre seg ved at kvar registrering har fått tildeldt eit løpande serienummer. Av desse vart 5 tilfeldige tal trekte, og desse tala tilsvara då vinnerane.